Lovendring om prioritering av nasjonale sikkerheitsinteresser ved tilknyting til straumnettet

Frå 1. juli 2026 opnar energilova for at Kongen i statsråd kan fatte vedtak overfor nettselskapa om å prioritere ein bestemt uttakskunde når det er naudsynt av omsyn til nasjonale sikkerheitsinteresser. Definisjonen av nasjonale sikkerheitsinteresser følgjer av sikkerheitslova.

Forskriftsendringar i forskrift om sikkerheit og beredskap i kraftforsyninga (kraftberedskapsforskrifta) – Noregs vassdrags- og energidirektorat

Frå 1. juli 2026 blir krava til reparasjonsberedskap i kraftforsyninga styrkte. Endringane inneber mellom anna at reparasjonsberedskapen skal dimensjonerast på grunnlag av risikovurderingar. Det kjem også krav om at nettselskapa skal dimensjonere beredskapen for sabotasje mot minst to anlegg.