Her er ei oversikt over viktige regelendringar frå 1. juli på Nærings- og fiskeridepartementet sitt ansvarsområde.
Endringar for Enhetsregisteret og Foretaksregisteret
Det blir gjort lovendringar for Enhetsregisteret og Føretaksregisteret. Reglane blir enklare å forstå og legg endå betre til rette for digitale løysingar. Det vil føre til at brukarane får mindre behov for ekstern hjelp, at fleire leverer inn opplysningar slik dei pliktar, og at det blir enklare å kontrollere at regelverket blir følgt.
Forskrift om endring i forskrift om måleiningar og måling
Justervesenets gebyrsatser justeres i tråd med den generelle prisstigningen.
Forskrift om endring i forskrift om gebyr i Brønnøysundregistrene
Det blir gjort endringar i gebyrsatsane for Føretaksregisteret, Einingsregisteret og Lausøyreregisteret.
Endringar i petroleumslova, akvakulturlova, havenergilova og havbotnminerallova.
Endringane inneber at rettshavarar, konsesjonærar og innehavarar av løyve etter dei ulike lovene skal sørgje for at tilsette på skip som leverer tenester til verksemda, ikkje har dårlegare lønnsvilkår enn det som følgjer av gjeldande landsomfattande tariffavtalar.
Endringar i forskrift 2. januar 2023 nr. 4 om registrering av offentleg støtte
Det blir gjort nye endringar i registreringsplikta for offentleg støtte. Reglane er utvida i tråd med nye EØS-krav om registrering av bagatellmessig støtte og etterregistrering av koronastøtte.
Endringar i havressurslova
Det blir gjort endringar i havressurslova for å gi Fiskeridirektoratet og Kystvakta heimel til å beslagleggje, destruere eller avhende umerka fiskereiskap når eigaren ikkje kan identifiserast. Endringane forenklar handteringa av ulovlege fiskereiskapar og frigjer ressursar både hos Fiskeridirektoratet og politiet. Endringane vil òg bidra til opprydding av tapte reiskapar, redusere forsøpling og spøkelsesfiske, og sikre betre utnytting av samfunnet sine ressursar.
Endring i forskrift om posisjonsrapportering og elektronisk rapportering for norske fiske- og fangstfartøy
Frå 1. januar 2026 skal alle fiskefartøy frå og med 8 meter følgje krav om elektronisk rapportering av fangst-, aktivitets- og posisjonsdata (ERS og VMS).
Forskrift om endring i ERS-forskrifta og oppheving av forskrift om Kystfiskeappen
Frå 1. januar 2026 skal dei som tidlegare har brukt Kystfiskeappen, nytte ERS og VMS, uavhengig av fartøystorleik.