Endringar i studieforbundsordninga frå 2021 er evaluert
Nyheit | Dato: 17.11.2025 | Kunnskapsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet
I 2021 vart studieforbundsordninga endra, frå å liggje under Kunnskapsdepartementet (KD) til å bli delt mellom Kunnskapsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD). Ein ny rapport har evaluert korleis delinga av tilskotsordninga mellom dei to departementa har fungert.
Hensikta med delinga av studieforbundsordninga i 2021 var å forbetre samanhengen mellom aktiviteten til studieforbunda og innrettinga på overordna nivå og politikkområda departementa har ansvar for.
Studieforbundsordninga bidrar til læring gjennom heile livet, og gjev vaksne tilgang til læringsmoglegheiter utanfor det formelle utdanningssystemet. I dag er det 13 studieforbund, 10 av dei får tilskot frå KUD og 3 får tilskot frå KD.