Energiministeren tok imot rapporten frå Kjernekraftutvalet
Pressemelding | Dato: 08.04.2026 | Energidepartementet
Energiminister Terje Aasland tok i dag imot Kjernekraftutvalet sin rapport. Rapporten tek for seg kjernekraft som mogleg energikjelde i Noreg.
– Kjernekraftutvalet har gjort eit grundig arbeid, og denne rapporten legg eit godt grunnlag for ein kunnskaps- og faktabasert samtale om kjernekraft. For Arbeiderparti-regjeringa er det viktig at me får ein trygg og god prosess, med ein brei og grundig debatt, og me sender no rapporten på offentleg høyring, seier energiminister Terje Aasland.
Kjernekraft vart sist greidd ut av eit offentleg utval i 1978. Behovet for utsleppsfrie og stabile energikjelder som kan bidra til å handtere natur- og klimakrise og imøtekomme eit aukande kraftbehov, teknologisk utvikling, samt planar om etablering av kjernekraftproduksjon frå private aktørar i samarbeid med kommunar, har bidratt til at spørsmålet om kjernekraft igjen er aktualisert.
Kjernekraftutvalet vart oppnemnt i juni 2024, med Kristin Halvorsen som leiar. Utvalet fekk i oppgåve å belyse fleire sentrale tema, blant anna om kjernekraft er eigna for det norske kraftsystemet, status for forsking og teknologiutvikling, kostnader og andre vesentlege konsekvensar for styresmakter og private aktørar, areal- og miljøverknader, avfallsproblematikk, atomtryggleik, sikring og ikkje-spreiing, beredskap og kompetansebehov.
– Behovet for eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om kjernekraft var ei viktig årsak til oppnemninga av Kjernekraftutvalet. No har utvalet levert ein omfattande og grundig rapport. Eg ser fram til å setje meg inn i anbefalingane frå utvalet og høyringsinnspela som kjem, seier Aasland.
Her kan du lese rapporten frå Kjernekraftutvalet: NOU 2026: 4 – Kjernekraft i Norge? Fordeler, ulemper og forutsetninger
Fleire stader i Noreg eksisterer det planar om etablering av kjernekraftverk. Det er levert inn totalt 10 meldingar med forslag til utgreiingsprogram for etablering av kjernekraft i Noreg, inkludert eit anlegg på Svalbard. I februar 2026 fastsette Energidepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Klima- og miljødepartementet eit utgreiingsprogram for planane om eit kjernekraftverk i Taftøy Næringspark i kommunane Aure og Heim.
Regjeringa har sagt at den vil vente på vurderingane frå Kjernekraftutvalet før det blir tatt stilling til behandlinga av dei andre meldingane.
No blir rapporten frå Kjernekraftutvalet sendt på høyring, med frist 1. oktober. Etter det vil regjeringa vurdere den vidare prosessen. Regjeringa vil involvere Stortinget på eigna måte.