Historisk arkiv

Tale:

Enovakonferansen 2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Statsrådens innleiing på Enovakonferansen 28. januar 2020, Trondheim.

Innleiing– det store bildet

  • Dette er min første tale som regjeringsmedlem. Eg er glad for å vere her blant folk som er avgjerande for å lukkast i den grøne omstillinga.
  • Kjære alle saman – 2019 var eit historisk år. Ungdom over heile verda demonstrerte for klimap. Greta Thunberg vart kåra til person of the year.
  • No i starten av 2020 er klima eit like brennande tema, bokstaveleg talt. I Australia er eit område på størrelse med Troms og Finnmark svidd av. Tusenvis er evakuerte, fleire titals har mista livet. Om lag ein milliard dyr og fuglar er råka, og mange seier til meg at dei er sjokkert, men det har dei eigentlig ingen grunn til å vere.
  • Allereie i 2008 varsla forskarar om auka risiko for tørke og skogbrannar som konsekvens av klimaendringane.
  • Vi har også ein ekstremt varm januar i Sør-Noreg. Eg trur mange med meg kjenner ei djup uro: Er dette ei permanent endring, eller klarer vi å gjere noko med det?
  • Klimarapportane det siste året fortel to ting:
  1. Situasjonen er veldig alvorleg.
  2. Det går an å gjere noko, men det må gå framover i eit tempo vi ikkje har sett tidlegare.

  • Det er ikkje slik at det er radikale miljøaktivistar som har fått det for seg at vi treng desse endringane.
  • Det er vitskapen som fortel oss at vi må ha desse radikale endringane.

Kva skal vi oppnå?

  • Årets Enovakonferanse handlar om dei vala vi må ta for å nå dei klimamåla vi har sett oss.
  • 2020 er eit superår for klimaet.
  • No skal Parisavtalen begynne å verke. Både Noreg og resten av verda skal melde inn forsterka mål til FN. Vi må ha mål som er ambisiøse nok til å avgrense oppvarminga til under to gradar og ned mot 1,5 gradar.
  • I 2050 skal Noreg vere eit lågutsleppsamfunn. Det betyr, slik regjeringa definera det, at utsleppa skal ned  med 90-95 prosent. Det betyr låge, eller ingen utslepp i alle sektorar. Det betyr at det fossile må ut, frå kantklipparen til cruiseskipet, og at det som er igjen stort sett er husdyra våre.
  • 2030 er eit viktig steg på vegen. Det er berre ti år til.
  • Min forgjengar, Ola Elvestuen, gjorde mykje viktig. Kanskje det viktigaste han gjorde, det var å få i land ein klimaavtale med EU om nettopp 2030.
  • Den avtalen integrerer oss tett med EUs klimapolitikk, og den gjer at vi no for første gang vil ha forpliktande utsleppsmål for ikkje-kvotepliktig sektor som det ikkje er frivillig å nå eller ikkje.
  • Vi får et utsleppsbudsjett gjennom heile 2020-talet, og klarar vi ikkje målet eit år, så følger det med oss vidare.
  • Det vil prega all norsk klimapolitikk dei neste ti åra.
  • Og vi arbeidar ikkje bare for det, men for at dei felles måla skal bli enda sterkare.
  • Vi meiner at EUs mål på 40 prosent bør forsterkast til 55 prosent. Og den diskusjonen pågår no, og Noreg kjem til å følgje det. Det er utruleg viktig for å halde temperaturauken ned mot 1,5 grader.
  • Men kva gjer vi da i praksis?
  • Fredag denne veka får eg rapporten Klimakur 2030 frå Miljødirektoratet. Den oppdaterte fagrapporten skal gje oss kunnskapen vi treng for å kutte utslepp på brei front, og nå 2030-måla våre.
  • Regjeringa vil kome med en stortingsmelding som adresserar nettopp det, og viser vår politiske kurs mot 2030.
  • Kva inneber det å kutte så mykje i løpet av ti år? Det er ei enorm omstilling og vilje som krevjast for å få det til.

Verkemiddel

  • Det er svært viktig å spela på lag med næringslivet, det blir ikkje grønt skifte med røde tall.
  • Næringslivet har ideane, gjennomfører prosjekta og skal bringe nye teknologiar og løysingar ut til marknaden.
  • Styresmaktene bidreg gjennom særleg fire grep:
  • prising av utslepp, som skal sikre at forureinar betaler – at det skal bli dyrare å forureine og billegare å ta grøne val.
  • reguleringar der det ikkje er hensiktsmessig med prising
  • offentlege anskaffingar som etterspør morgondagens løysingar
  • og målretta støtteordningar som gjev risikoavlasting.
  • Eg kan ta nokre døme:
  • Når det gjeld prising, er over 80 prosent av klimagassutsleppa i verda, er ikkje prisa. 80 prosent av utsleppa i Noreg, er prisa. Gjennom CO2-avgift og kvoter.
  • Kvotesystemet gjer utsleppskutt. Etter 2020 blir det stadig færre kvoter tilgjengeleg i EUs kvotesystem. Utslepp på størrelse med Noregs samla utslepp vil bli kutta i kvotesystemet kvart år. Det funkar.
  • Equinors satsing på havvind og nye lovnader om store kutt både på industrianlegg på land og til havs viser at oljebransjen tek klimaproblemet på alvor. Blant anna fordi ein ser at kostnadene ved å sleppa ut tilseier at det lønar seg å gjere dyre, men nødvendige grøne, investeringar. Og viss Equinor gjer det dei har lova så vil det aleine kutte ti prosent av norske klimagassutslep.
  • Så det at kvoteprisen stiger, det at regjeringa aukar CO2-avgifta på toppen av det med fem prosent kvart år, det verkar. Og det gir forutsigbarheit til dei som trenger det, for å ta langsiktige, tunge, investeringar.
  • Av og til er ikkje ein pris på utslep nok. Av og til kan det vere hensiktsmessig å innføre eit påbod. Eller eit forbod.
  • Eit eksempel på det er forbode med fossil fyringsolje til oppvarming av bygningar. Norge er så vidt vi veit det første landet i verda med dette.
  • Med grøne innkjøp så snakkar vi her om ein muskel på 500 milliardar kroner i året. Regjeringa vil kome med ein handlingsplan for klima- og miljøvennlege innkjøp. Desse pengane må bidra til grøn omstilling, slik dei til dømes gjer i skipsfarten. Klimakrav i offentlege anbod har ført til elektriske ferjer over heile landet. I 2022 vil om lag 80 ferjeruter ha elektrisk drift.
  • Vi bruker mykje pengar på å støtte null- og lågutsleppsløysingar, og det at vi priser CO2 stadig høgare, gjer oss meir pengar til å gjere nettopp det. Det er et grønt skatteskifte i praksis. Det gjer vi gjennom til dømes Enova og Klimasats, Nullutsleppsfondet for næringstransport, Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg. Regjeringa har nesten dobla støtta til Enova frå 2013 – støtta har auka med 1,5 milliardar til 3,2 milliardar inneverande år.
  • Kva betyr det i praksis? Det betyr at Enova har musklar til å gjere svære løft. Slik som da dei gav 2,3 milliardar til Hywind Tampen, som skal bli verdas styste, flytande havvindspark. Det kan bidra til teknologiutvikling som kan bli et eksporteventyr for Noreg viss ein lykkast.



Noreg i omstilling

  • Omstillinga vil også skape nye marknader og nye moglegheiter for vekst i næringslivet.
  • I Noreg har vi eit godt utgangspunkt:
  • Eit fornybart kraftsystem. Det er det som gjer at når Noreg skal kutte utslepp så må vi ta ein del grep, og gå inn på områdar som andre land ikkje har begynt på eingong. Der andre land jobbar med å fase ut kullkraftverk og få inn vannkraft, vindkraft og sol, så er vår jobb å kutte kraftig i transportutsleppa. Det at vi har nær 100 prosent fornybar energi allereie er ei stor styrke for oss i omstillinga.
  • Unik kompetanse innan mange teknologimiljø. Kompetansen frå oljeverksemda kan brukast til grøn skipsfart og havvind og andre teknologiar vi enda ikkje veit om.
  • Føreseielege rammevilkår. Det er ingen som skal være skåna for klimapolitikken. Men alle skal vite kva dei har i vente. Slik kan du ta forsvarlege investeringar.
  • Det vi gjer i Noreg, må bidra globalt. Det er ikkje noko vanskeleg å legge ned norsk industri. Det er enkelt. Og det kuttar masse utslep. Men det bidrar jo ikkje globalt. Men dersom vi lykkast med å gjere norsk industri enda grønare, for eksempel gjennom karbonfangst og lagring, da bidrar vi globalt.
  • Og det er slik vi må tenkje, i sektor etter sektor.
  • Ofte er det snakk om mange år frå ein idé oppstår til den er klar for marknaden. Det er tre element eg er oppteken av i denne samanhengen:
  • Vi må vere tidleg ute.
  • Vi må dyrke fram mange nok nye teknologiar og løysingar. Nokre vil sikkert ha ei kort blomstringstid før dei døyr ein stille død. Her må marknaden avgjere.
  • Styresmaktene må ha støtteordningar som avlastar risikoen på vegen frå ide til kommersielt produkt. Enova speler ei nøkkelrolle her. Det gjer også Forskingsrådet, Innovasjon Noreg, Nysnø og andre.
  • Me må klare å jobbe vidare med Enova slik vi har gjort frem til no.
  • Å holde avgjerda på ei armlengdas avstand frå politikarar er ein god ide. Eg veit det er frykteleg fristande å gje støtte til den flotte bedrifta du tilfeldigvis møtte i førre veke. Det er ikkje gitt at det gir den beste teknologiutviklinga. Eller dei mest bærekraftege løysningane.
  • Der klarer Enova å jobbe langt på veg uavhengig av myndigheitene. Det er veldig bra.
  • De har mellom anna bidrege til den batterirevolusjonen vi no ser i maritim sektor og fleire store pilot- og demonstrasjonsprosjekt i industrien.
  • Opprettinga av Nullutsleppsfondet har også gitt ei styrka satsing på å redusere utslepp i transportsektoren.
  • Pengane som løyvast skal fremme eit nødvendig systemskifte. Enova må med andre ord prioritere hardt, vere smidig og ubyråkratisk, og ha fridom til å innrette programma og tildele støtte, i nær dialog med næringslivet.


Avslutning

  • Næringslivet må avgjere om dei vil vere ein del av problemet eller ein del av løysinga.
  • Eg ser på næringslivet og særlig de som sit her i dag som ein del av løysinga.
  • Vi skal ikkje ha nullvekst, vi skal ha grøn vekst. Og dei utsleppa som no har gått ned tre år på rad, og er på sitt lågaste sidan 1995, dei må gå enda raskare ned framover om vi skal nå klimamåla.
  • Det er min viktigaste jobb, som klima- og miljøminister, og den jobben gleder eg meg til å gjere, samen med dokker.