– Det kom inn mange gode søknader. Etter ei heilskapleg vurdering har me kome fram til at Nasjonalt kompetansesenter for landvind hadde den sterkaste søknaden. Eg håpar at tenesta no kan setje i gang raskt, slik at dei kan rettleie og hjelpe kommunar som har behov for det, seier energiminister Terje Aasland.

Kompetansetenesta skal vere landsdekkande, og skal tilby dei kommunane som ønskjer det rettleiing om regelverket for planlegging av vindkraftanlegg på land. Tenesta skal bidra til at kommunane får betre tilgang til kunnskap og råd om planlegging av vindkraft i eigen kommune.

Norsk kompetansesenter for landvind er ei gruppering som består av Landssammenslutninga av Norske Vindkraftkommuner (LNVK), Advokatfirmaet Lund og Co DA og THEMA Consulting Group AS. Desse har i tillegg etablert eit samarbeid med Fridtjof Nansens Institutt (FNI) og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Det kom totalt inn fire søknader. Dei andre søkjarane var Miljøstiftelsen ZERO, Nasjonalt kompetansesenter for havvind AS og Kraftarven Eiendom.

– Me er svært glade for dette. Me har sett saman eit svært godt og fagleg sterkt team av personar og miljø som vil bidra til å setje kommunane i enda betre stand til å utføre oppgåvene sine i denne type saker. Me skal gi kommunane objektiv og nøytral bistand og rettleiing om handteringa av saker om landbasert vindkraft. Me skal verken ha noko oppfatning eller gi råd om den enkelte kommune bør seie ja eller nei til vindkraftutbygging, seier Ole Erik Hørstad som er leiar i LNVK og ordførar i Åmot kommune.

Etter endringane i plan- og bygningslova og energilova i 2023, har kommunane fått eit større ansvar for planlegging av vindkraftverk. Kompetansetenesta skal kunne hjelpe kommunar som har spørsmål om prosessen for planlegging etter plan- og bygningslova. Det er også naturleg at kompetansetenesta har kjennskap til regelverket som gjeld for konsekvensutgreiingar og konsesjonsprosessen etter energilova. Fylkeskommunane kan òg ha god nytte av kompetansetenesta. Tilskotsordninga skal vere eit lågterskeltilbod, og skal i utgangspunktet vere mogleg å bruke gratis.

– Eg vil takke alle som søkte om tilskot. Det viser at det er fleire som ønskjer å bidra til å hjelpe kommunane med prosessen for planlegging av vindkraft på land. Kompetansetenesta  er viktig for at kommunane skal kjenne seg trygge på prosessen fram mot ei avgjerd, og eit viktig steg for å få fleire kommunar til å seie ja til utgreiing av nye vindkraftprosjekt, seier Aasland.