Europeisk toppmøte om berekraftig luftfart

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Det franske EU-presidentskapet arrangerte luftfartstoppmøte 3.-4. februar med klimavennleg luftfart som tema. Møtet lanserte ei Toulouse-fråsegn med mål om karbonnøytralitet i luftfarten i 2050.

Under møtet vart ei rekke initiativ for utsleppskutt i luftfarten i regi av EU og europeisk luftfartsindustri presentert. Desse kutta kan skje ved hjelp av mellom anna teknologiutvikling, operasjonelle betringar, bruk av berekraftig drivstoff og økonomiske verkemiddel.

Statssekretær Jakob Bjelland deltok digitalt. Saman med 36 andre europeiske land stilte Noreg seg bak fråsegna. Det gjorde òg europeiske bransjeorganisasjonar, arbeidstakarorganisasjonar og industriaktørar innan luftfarten.

-  Luftfarten må som andre transportformer bidra til utsleppskutt. Det faktumet at mange statar og rørte partar står saman om Toulouse-fråsegna er eit viktig skritt på vegen til ein meir berekraftig luftfartssektor, seier Bjelland.

Fråsegna er eit oppspel til generalforsamlinga i FN sin luftfartsorganisasjon ICAO hausten 2022 – der eit langsiktig klimamål for internasjonal luftfart skal diskuterast.

Meir informasjon: European Aviation Summit - French Presidency of the Council of the European Union 2022 (europa.eu)