Temaet for besøket er ei støtteordning for Oslofjorden. I 2026 vil regjeringa bruke nær 100 millionar kroner på restaureringstiltak i fjorden. Frå 1. januar er det òg innført fiskeforbod i tre større område i Indre Oslofjord.

– Eg oppmodar fiskarar som er berørte av dei nye fiskeritiltaka i Oslofjorden om å søke på denne ordninga. Dei sit på verdifull kunnskap, og eg håpar at mange vil gripe denne sjansen, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Færder Sjømat har etablert eit kompetansesenter for vern og restaurering. Under besøket vil leiar Tobias Rosendal Bech fortelje meir om korleis dei jobbar. Klima- og miljøministeren vil informere om støtteordninga, som har søknadsfrist 15. januar.

Du kan lese meir om støtteordninga her.

Når: 8. januar kl. 09.30–10.30
Kor: Færder fiskemottak, Tenvikveien 373, Nøtterøy

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Kari Asheim i Klima- og miljødepartementet, mobil 908 41 606.