– Dette er utruleg gode nyheiter. Etter fleire år med aukande mobbetal, ser vi no ein tydeleg nedgang på alle trinn. Desse resultata kjem ikkje av seg sjølve. Eg vil rose alle tilsette i skulen som jobbar knallhardt med skulemiljø kvar einaste dag. Samtidig trur eg regjeringa sine tiltak for trygge og gode skulemiljø har hatt effekt, mellom anna at mobilen no er ute av klasseromma, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Elevundersøkinga 2025, som Utdanningsdirektoratet publiserer i dag viser at 5,5 prosent av elevane på vg1 opplever mobbing, ein nedgang på 0,8 prosentpoeng. Delen elevar som opplever mobbing ligg på 9,6 prosent på 10. trinn og 11,3 prosent på 7. trinn (sjå figur). Dette er ned eitt prosentpoeng frå i fjor.

– Det er framleis altfor mange elevar som svarer at dei blir mobba, og det er djupt urovekkande. Vi må derfor ikkje slå oss til ro med dette, men halde fram det viktige arbeidet for trygge og gode skulemiljø, seier Nordtun.

Fleire elevar trivst på skulen

Elevundersøkinga viser også at fleire elevar trivst på skulen. Frå 2020 til 2024 var det ein jamn, men svak nedgang i delen elevar på 7. og 10. trinn som svarte at dei trivst godt på skulen. I 2024 snudde tala, og i år er det endå fleire som svarer at dei trivst. Samanlikna med i fjor, aukar delen elevar som trivst med eitt prosentpoeng på alle trinna. 89 prosent på vg1, 85 prosent på 7. trinn og 83 prosent på 10. trinn, svarer at dei trivst godt.

– Det er svært positivt å sjå at trivselen blant elevane no aukar igjen etter fleire år med svak nedgang. Dette er eit tydeleg signal om at vi er på rett veg. Trivsel er ein føresetnad for både læring og fellesskap, seier Nordtun.

Regjeringa har sett i gang ei rekke tiltak for å hjelpe skulane i arbeidet for trygge og gode skulemiljø. Potten til skulemiljøteam er tredobla til 45 millionar kroner i 2025 og dette blir vidareført neste år. Kunnskapsministeren trur også at mobiltilrådingane har hatt effekt på trivselen til elevane. Også delen elevar som opplever digital mobbing går nedover på alle trinn, samanlikna med i fjor.

– Å fjerne mobilen er ikkje berre positivt for konsentrasjonen og læringa, men og det sosiale. Eg har fått utruleg mange positive tilbakemeldingar både frå grunnskular og vidaregåande skular. Lærarar seier at elevane bruker meir tid på kvarandre, på fysisk aktivitet og sosialt samvær, seier Nordtun.

Auka motivasjon

Etter fleire år med færre motiverte elevar, beveger tala i år seg i ei positiv retning. På 7. trinn er det rett nok 1 prosentpoeng færre elevar som svarer at dei er interesserte i å lære, men på 10. trinn aukar delen med 3 prosentpoeng og på vg1 aukar delen med 2 prosentpoeng. 

– Eg er svært glad for at det no ser ut til at elevane er meir motiverte etter fleire år med nedgang. Regjeringa har gjort heilt avgjerande grep for å snu utviklinga. Vi gjer opplæringa meir praktisk og variert, vi sørger for fleire fysiske lærebøker og ein betre balanse mellom skjerm og bok. Det gir meir motiverte elevar, seier Nordtun.

Elevundersøkinga 2025
Del elevar som har opplevd mobbing på skulen to–tre gonger i månaden eller oftare. Prosent. Kjelde: Utdanningsdirektoratet.

Regjeringa har:

  • Tredobla potten til lokale skulemiljøteam frå 15 millionar kroner i 2024 til 45 millionar kroner i 2025 for å styrke arbeidet med trygge og gode skulemiljø.
  • Prioritert 80 millionar kroner til beredskapsteam. Midlane er fordelte til 11 kommunar der utfordringane med barne- og ungdomskriminalitet og utrygge skulemiljø er rekna som størst.
  • Innført mobiltilrådingar som ikkje berre har ein positiv effekt for konsentrasjonen og læringa, men også for det sosiale mellom elevane. Skulane har også fått ei klar oppmoding om å sperre skadelege nettsider, som sosiale medium, på skule-pc’ane.
  • Lansert ein tiltakspakke som skal bidra til å styrke arbeidet i skulane og kommunane med førebygging og oppfølging av urovekkande skulefråvær.
  • Utvida rettleiingstiltaket Læringsmiljøprosjektet slik at fleire barnehagar og skular som slit med skulemiljøet får hjelp og støtte av fagfolk over tid.
  • Innført tydelegare skulemiljøreglar og reglar om fysisk innblanding som slår fast at tilsette kan gripe inn for å hindre fysiske og psykiske krenkingar.

Regjeringa vil også lansere ein heilskapleg strategi for barnehage- og skulemiljø. Målet er å gjere sektoren betre rusta til å skape trygge, gode og inkluderande miljø for barn i barnehagen og elevar i skulen.

Om Elevundersøkinga

  • Elevundersøkinga er ei årleg spørjeundersøking som er obligatorisk for 7. trinn, 10. trinn og vg1, men kan gjennomførast frå 5. trinn til og med Vg3. Elevane får seie si meining om forhold som er viktige for læring og trivsel i skulen
  • Gir lærarar, skuleeigarar og skuleleiarar informasjon om korleis elevane opplever skulekvardagen.
  • Om lag 440 000 elevar svarte på undersøkinga hausten 2025.