Det er også omtale av desse tala som er feil i Nasjonalbudsjettet (Meld. St. 1 (2020-2021)) og i KLDs budsjettproposisjon (Prop. 1 S (2020-2021). I Nasjonalbudsjettet står det i kapittel 3.7.4: "De samlede utslippene er likevel anslått å avta noe mot 2025, selv om utslippene fra ikke-kvotepliktig transport er ventet å være litt høyere i 2025 enn 2020." I Klimalovrapporteringa i KLDs budsjettproposisjon står det i kapittel 13.2: "Dei samla utsleppa er likevel vurdert å minke noko mot 2025, sjølv om utsleppa frå transport er venta å vere litt høgare i 2025 enn 2020." Dette er ikkje riktig, då framskrivinga syner reduserte utslepp frå transport frå 2020 til 2025. Det vil bli sendt ut rettebrev om desse feila.

Utslepp og opptak av klimagassar i Noreg
Tabell 3.13/13.1. Utslepp og opptak av klimagassar i Noreg etter sektor. Mill. tonn CO2-ekvivalentar.

1 Utgangspunktet for det norske utsleppsbudsjettet under innsatsfordelingsforordninga er førebels vurdert til 28,5 mill. tonn i CO2-ekvivalentar.

2 Førebelse utsleppstal for 2019. For opptak av skog og andre landareal er det brukt 2018-tal.

3 Inkluderer kvotepliktig energiforsyning og luftfart

4 Inkluderer ikkje-kvotepliktige utslepp frå industri, petroleumsverksemd og energiforsyning i tillegg til oppvarming og andre kjelder.

Kjelder: Statistisk sentralbyrå, Miljødirektoratet, Norsk institutt for bioøkonomi og Finansdepartementet.