Felleserklæring frå dei nordiske landa og Benelux-landa om krigen i Ukraina, situasjonen i Midtausten og internasjonalt samarbeid

Utanriksministrane frå Noreg, Island, Belgia, Luxemburg og Nederland møttest i Brussel måndag 27. november for å diskutere krigane i Ukraina og på Gazastripa. I tillegg drøfta ministrane korleis ein best kan verne om det multilaterale samarbeidet, mellom anna i FN, Nato og i EU.

I ei felleserklæring etter møtet viser ministrane til verdien av eit tett og forpliktande internasjonalt samarbeid i FN, Nato og EU. Vidare forpliktar dei seg til å styrkje samarbeidet når det gjeld berekraftsmåla. Landa viser òg til arbeidet for rettsstat, demokrati, menneskerettar og likestilling. Dei blei samde om å verne om folkeretten og dei forpliktingane som følgjer av han.

Ministrane peika særskilt på behovet for auka merksemd når det gjeld tryggingssituasjonen i Nord Europa, vern av kritisk infrastruktur og tettare samarbeid for å hindre hybride truslar og cyberangrep.