Statsbudsjett 2024

Fem millionar til senter for jordobservasjon

Regjeringa foreslår fem millionar kroner til utvikling av det nye senteret for jordobservasjon i Tromsø.

– Det nye senteret vil gje oss avgjerande kunnskap for berekraftig næringsutvikling i nord. Det vil vere viktig mellom anna for samfunnstryggleik, fiskeri, turisme og offshore. Tiltaket er eit ledd i oppfølginga av løfta vi ga i Hurdalsplattforma om å satse både på romindustri og jordobservasjon, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Jordobservasjonssatellittar har blitt stadig viktigare for ei rekke sentrale samfunnsoppgåver, som miljø- og klimaovervaking, ressursforvalting, samfunnstryggleik og katastrofehandtering. Storleiken på Noreg sitt territorium og spreidd busetnad gjer satellittbasert overvaking svært nyttig. Det er òg mogelegheiter for nye bruksområde.

Prosjektpengar

Løyvinga i forslaget til statsbudsjett skal nyttast til prosjekt for både offentlege og private verksemder. I samarbeid med leiande kunnskapsmiljø i Tromsø skal dei utvikle nye bruksområde for jordobservasjon. Pengane kan òg nyttast til rådgjevings- og formidlingsprosjekt.

Jordobservasjon

  • Jordobservasjon er eit samlenamn på verksemd i tilknyting til innsamling av informasjon om overflata til jorda eller atmosfæren, hovudsakleg ved hjelp av satellittar.
  • Data frå jordobservasjon nyttast mellom anna til betre kunnskap om klima- og miljøendringar.
  • Regjeringa satsar på jordobservasjon og romverksemd gjennom nasjonale midlar og internasjonalt samarbeid, gjennom Den europeiske romfartsorganisasjonen ESA og EU sitt romprogram.

Noreg deltek i Copernicus som er EU sitt program for jordobservasjon.