Presseinvitasjon:

Fiskeri- og havministeren møter sin danske kollega i Danmark

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Måndag 6. juni reiser fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran til Ålborg for å møte sin danske kollega, mat-, landbruks- og fiskeriminister Rasmus Prehn. Dei fortset programmet sitt med fleire bedriftsbesøk i Hirtshals tysdag 7. juni.

– Noreg og Danmark har i lange tider hatt eit godt fiskerisamarbeid. Det gode samarbeidet er heilt avgjerande for å forvalta ressursane Nordsjøen og Skagerrak på ein god måte. Eg ser fram til å møte min danske kollega for å drøfte saker av felles interesse og som betyr mykje for danske og norske fiskarar og sjømatbedrifter, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Danmark er det største mottakarlandet for norsk sjømat målt etter volum og det nest største mottakarlandet målt etter eksportverdi. Mykje norsk sjømat blir vidareforedla eller pakka om i Danmark før han blir sendt vidare til andre land.

– Danmark er eit hovudmarknad for norsk sjømat og viktig for handsaming av norsk sjømat. Eg ser fram til å setje fokus på dei viktige handelssambanda under besøket, seier Skjæran.

I løpet av turen skal Skjæran mellom anna besøke Seawell Hirtshals og det største laksepakkeriet i verda, Hav Line Processing.

Program

Måndag 6. juni

20:00
Bilateralt møte med den danske mat-, landbruk- og fiskeriministeren, Rasmus Prehn

Tysdag 7. juni

10:00
Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran og den danske mat-, landbruks- og fiskeriministeren, Rasmus Prehn, møte representantar frå Hirtshals og Hirtshals Hamn
Adresse: Hirtshals Havn, Norgeskajen 11, 9850 Hirtshals

10:55
Skjæran og Prehn besøker Hav Line Processing
Adresse: Industrikajen 7, 9850 Hirtshals

12:40
Skjæran og Prehn besøker Seawell Hirtshals
Adresse: Søren Nordbysvej 26, 9850 Hirtshals

Presse som ønsker å dekke reisa kan kontakte kommunikasjonsrådgjevar Yngve Angvik på telefon 459 56 199 eller e-post Yngve.Angvik@nfd.dep.no