Fleire har komme seg ut frå Vestbreidda

Fleire norske borgarar har komme seg heim frå Vestbreidda på eigenhand. Utanriksdepartementet tilbaud norske borgarar hjelp for å komme seg heim frå Vestbreidda, men det var ikkje ønskjeleg eller mogleg for nokon av dei å nytte seg av dette.

Om lag 30 norske borgarar har registrert på reiseregistrering.no at dei er på Vestbreidda.  

Utanriksdepartementet gav norske borgarar tilbod om hjelp til heimreise frå Vestbreidda 19. oktober, via Jordan. 

Av ulike årsaker var det ikkje mogleg eller ønskjeleg for nokon å nytte seg av tilbodet. Fleire norske borgarar har komme seg heim på eigenhand. UD har ikkje planlagt nye utreiser, men er i dialog med nordmenn på Vestbreidda som ønskjer hjelp til å reise ut.  

Alvorleg tryggingssituasjon på Vestbreidda 

Tryggingssituasjonen på Vestbreidda er svært krevjande. Utanriksdepartementet avrår alle reiser til eller opphald i Gaza og til regionane Nablus og Jenin på Vestbreidda. Utanriksdepartementet avrår reiser som ikkje er strengt nødvendige til resten av Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem. 

Utanriksdepartementet oppmodar norske borgarar på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem til å halde seg oppdatert om utviklinga gjennom media og lytte til lokale styresmakters råd og oppmodingar. Fleire sjekkpunkt mellom Israel, Jerusalem og Vestbreidda er no stengd. Moglegheitene for ferdsel mellom byar og område internt på Vestbreidda vil òg vere avgrensa på grunn av stengde vegar.   

Personar som ønskjer å komme i kontakt med Utanriksdepartementets operative senter kan ta kontakt på WhatsApp: +4747634060, på telefon: +4723952395 eller e-post: 247@mfa.no.