Fleire ukrainarar må busetjast i 2026
Pressemelding | Dato: 24.02.2026 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Dei siste prognosane tyder på at behovet for å busetje flyktningar i 2026 kan bli på over 16 000 personar. Det er 3 000 fleire enn det kommunane opphavleg vart oppmoda om i vinter.
– Ei meir uroleg verd gjer det vanskeleg å anslå kor mange som vil kome til Noreg og ha behov for busetjing. Det siste halvåret har det vore høge ankomsttal, særleg blant unge menn frå Ukraina. Vi kan ikkje ta imot fleire flyktningar enn vi har kapasitet til å integrere. Fleire kommunar melder om press på tenestene, og dette må takast på alvor, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
I vinter vart kommunane oppmoda om å busetje i overkant av 13 000 personar i 2026. IMDi har så langt berre fått svar frå om lag halvparten av kommunane om kor mange dei kan busetje i 2026. Fleire kommunar, også større kommunar, er venta å svare på oppmodinga dei næraste vekene. Det kan redusere gapet mellom oppmodinga og dei vedtaka kommunane gjer.
– Norske kommunar har vist stor vilje og innsats i busetjingsarbeidet sidan Russlands fullskala invasjon av Ukraina. Eg har forståing for at situasjonen har vore, og framleis er, krevjande. Samstundes skal Noreg stille opp for Ukraina. Det gjeld også her heime, mellom anna gjennom vidare busetjing, seier statsråden.
Fleire rundar med innstrammingar
Regjeringa har i fleire omgangar sett i verk tiltak for å sikre ei kontrollert og berekraftig innvandring, og for å sikre at Noreg ikkje tek imot ein uforholdsmessig stor del av flyktningar samanlikna med dei andre landa i Norden.
– Norske kommunar har vist ein imponerande innsats ved å busetje nærare 100 000 flyktningar sidan 2022. Regjeringa er budd på å ta ytterlegare innstrammingsgrep i innvandrings- og integreringspolitikken dersom situasjonen tilseier det, seier statsråden.
Dersom styresmaktene og kommunane ikkje klarer å busetje i tråd med ankomstane og oppmodinga, vil fleire bli buande lenger i mottak. Det vil ta lengre tid før flyktningane kjem i gang med integreringa.