– Stadig fleire studerer deltid, og mange av dei kombinerer jobb med studiar som gir norsk arbeidsliv viktig kompetanse. Derfor er det viktig at vi har gode studievilkår både for ordinære heiltidsstudentar og for dei som vel fleksible studium. Denne rapporten gir fleire innspel som vi vil vurdere nærare, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

Fleksible studentar er dei som studerer deltid og dei som tek nettbaserte og samlingsbaserte studieprogram. Dei er ofte eldre enn ordinære studentar, og er ofte busette på ein annan stad enn der studieprogrammet dei går på vert undervist.

I dag er det over 100 000 fleksible studentar. Dei utgjer nær 70 prosent av dei som tek høgare yrkesfagleg utdanning, og nær 30 prosent av studentane i universitets- og høgskulesektoren. Landets 14 studentsamskipnader leverer velferdstenester til studentar innanfor område som til dømes kantine, bustad, trening, rådgiving og barnehageplassar.

Rapporten viser at fleksible studentar i liten grad nyttar tenestene, mellom anna fordi dei ikkje kjenner til tilboda eller heller nyttar andre tilbod der dei bur. Rapporten tilrår fleire grep for å gjere velferdstilboda betre tilrettelagde for fleksible studentar, mellom anna meir samarbeid mellom samskipnadene og å synleggjere tilbodet betre for denne gruppa.