– For å sikre eit godt utbygd sikkerheitsnett som bidrar til tryggleik, deltaking i samfunnet og at færre fell varig utanfor fellesskapet må vi få fleire ut i jobb og færre på trygd. Fleire unge må få ta del i arbeidsmarknaden, dei som kan jobbe litt, må gjere det, og dei som vil og kan, må stå lenger i jobb enn før, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

Mykje av auken i folketrygda kjem av lønsvekst og verknader av trygdeoppgjeret, men det er også andre endringar som påverkar anslaget for utgifter under den enkelte ytinga. Ei viktig forklaring på dei auka utgiftene utover trygdeoppgjeret er at det blir fleire mottakarar av alderspensjon.

Arbeidarparti-regjeringa er no i gang med ei rekkje tiltak for å få fleire i jobb, færre uføre og lågare sjukefråvær.

– Den viktigaste prioriteringa til Arbeidarparti-regjeringa er at fleire kjem i jobb. Særleg prioriterer vi unge gjennom ungdomsløftet, som bind saman unge, bedrifter, partane i arbeidslivet, frivillige organisasjonar og styresmakter. Det skal bidra til at fleire unge får erfaring og kjem seg ut i arbeid, seier statsråden.

Utgiftene til alderspensjon vil vere 378 milliardar kroner

Det er venta at utgiftene til alderspensjon frå folketrygda i 2027 vil vere 378 milliardar kroner. Dette er ein auke på i overkant av 26 milliardar kroner, eller 7,4 prosent.  Nordmenn blir stadig eldre. Fram mot 2060 vil veksten i befolkninga i stor grad komme blant personar over 75 år. Pensjonsreforma dempar veksten i utgifter til alderspensjon, og i 2027 er det anslått at reforma aleine vil redusere utgiftene til alderspensjon med om lag 27 milliarder kroner. Samtidig gir dei nye reglane gode insentiv til å stå lengre i arbeid. Sysselsettinga i dei eldre aldersgruppene har auka etter pensjonsreforma, og auker framleis. Det er heilt avgjerande for berekrafta i velferdsstaten og for å gi tryggleik for pensjonane i framtida.

Arbeidsavklaringspengar og uføretrygd

Det er venta at utgiftene til arbeidsavklaringspengane (AAP) vil bli 59 milliardar kroner. Det inneber ein auke på i overkant av 3 milliardar kroner. Det er hovudsakleg effekten av trygdeoppgjeret som bidrar til auken, men også ei forventa auke i talet på AAP-mottakarar.

Det er venta at utgiftene til uføretrygd vil bli om lag 150 milliardar kroner. Dette inneber ein auke på i overkant av 9 milliardar kroner. Hovudforklaringa på dette er effekten av trygdeoppgjeret, som gjer at grunnbeløpet i folketrygda aukar. Det er også venta fleire mottakarar. Dette heng saman med at antalet AAP-mottakarar har auka dei siste åra,og at ein stor andel av nye uføre kjem frå AAP.

Utgiftene til sjukepengar er venta å bli 72 milliardar kroner

Utgiftene til sjukepengar er venta å auke med 5 milliardar kroner, til om lag 72 milliardar kroner. I 2026 har anslaget for utgifter til sjukepengar for arbeidstakarar auka som følge av den intensiverte innsatsen i Arbeids- og velferdsetaten på sjukepengeområdet. Regjeringa styrka arbeidet på sjukepengeområdet med ei løyving på 20 millionar kroner i samanheng med Revidert nasjonalbudsjett 2026. Det bidreg til eit høgare anslag for utgiftene til sjukepengar i 2027.

Det er lagt til grunn at innsatsen med å få ned antal restansar og tida på  saksbehandling held fram i 2027. Verknaden på utbetalingane blir lågare enn i 2026 fordi restansane som blir behandla, i gjennomsnitt har vore ubehandla i kortare tid.

På bakgrunn av utviklinga i sjukefråværet i første halvåret av 2026 og anslag for resten av året, er det lagt til grunn at utbetalingane til sjukepengar aukar i 2026. For 2027 blir det samtidig lagt til grunn at utbetalingane vil gå noko ned samanlikna med nivået på utgiftene i 2026.

– Sjukefråværet i Noreg er framleis for høgt, og det må ned. Regjeringa har sett i gang ei rekkje tiltak som skal bidra til lågare sjukefråvær og ei friskare befolkning. Samtidig er Arbeidarparti-regjeringa garantist for at dei som ikkje kan jobbe på grunn av helsa, skal ha velferdsordningar som gir tryggleik, seier Stenseng.  

Dagpengar ved arbeidsløyse

Utgiftene til dagpengar er venta å auke med om lag 738 millionar kroner til om lag 18 milliardar kroner. Auka gjennomsnittleg yting per mottakar er hovudforklaringa på at utgiftene blir høgare.