– Ved å forby nye uttak av torv tek vi vare på myrene våre. Det gjer at vi kan unngå store nye klimagassutslepp i Noreg, samstundes som vi vernar viktige område der dyr og plantar lever, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Torv er ein jordtype som finst i myrer. Han blir i dag først og fremst brukt i plantejord. I haust føreslo regjeringa å forby nye uttak av torv. Grunnen er at slike uttak øydelegg myrene. Særleg høgmyrene, som er ein truga naturtype, er utsette.

Støttar omstilling av bransjen

Stortinget har no vedteke forbodet. Det betyr at det ikkje lenger vil vere mogleg å opne for nye uttak av torv.

Det vil framleis vere lov å drive eksisterande torvuttak. Det vil òg vere eit unntak for å ta ut mindre mengder torv til restaurering av bygg.

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for omstilling til torvfrie produkt. Miljødirektoratet har fått i oppdrag å opprette ei arbeidsgruppe som skal bidra til dette.

– Overgangen til torvfrie produkt er viktig. Det finst allereie mange gode alternativ. Samstundes vil vi støtte arbeidet med å få fram fleire torvfrie jordprodukt, seier Bjelland Eriksen.

Fakta

  • Forbodet er vedteke gjennom ei ny føresegna i naturmangfaldlova.
  • Løyve til torvuttak som blei gitt før lovendringa trer i kraft, får unntak.
  • Torvuttaka som finst i dag, har ei gjennomsnittleg levetid på 15 år. Forbodet vil derfor føre til ein gradvis reduksjon i uttak av torv, fram til alle eksisterande uttak er tømde.
  • Det er òg unntak for mindre uttak av torv til restaurering av bygningar eller antikvariske føremål.