Historisk arkiv

Forenklar regelverk for gründerar på dagpengar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Ordninga med dagpengar under etablering av eiga verksemd blir enda enklare når gründerar på dagpengar no slepp stoppunkt i utviklingsfasen.

– I fjor utvida regjeringa høvet til å få dagpengar under etablering av eiga verksemd frå ni til tolv månader. No gjer vi ordninga enda smidigare for alle partar ved å fjerne stoppunkt og unødvendig byråkrati, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie. 

I dag kan dei som etablerer eiga verksemd få dagpengar i inntil tolv månader, fordelt på ein utviklingsperiode på inntil åtte månader og en oppstartsperiode på inntil fire månader. Ein må søke for kvar fase. 

Inndelinga er lite formålstenleg fordi det i praksis vil vere ein glidande overgang mellom fasane. Regjeringa foreslår difor å oppheve skiljet mellom utviklings- og oppstartsfasen for personar som mottar dagpengar under etablering. Opphevinga gir ei meir smidig ordning for brukarar og forvaltninga.