Statsbudsjettet 2026
Forenkling og forbetring i forvaltninga av helsetenestene: Flyttar 300 millionar kroner frå forvaltning til pasientbehandling
Nyheit | Dato: 15.10.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
I statsbudsjettet for 2026 foreslår regjeringa at det blir etablert eit prosjekt for forenkling og forbetring i forvaltninga av helsetenestene, slik at ressursar kan bli flytta til auka tenesteyting i førstelinja. På Helse- og omsorgsdepartements ramme blir det foreslått eit effektiviseringskrav på totalt 300 millionar kroner, som skal komme pasientane til gode.
– Regjeringa er opptatt av ein effektiv offentleg sektor. Det gjeld også i helsebyråkratiet, der vi allereie har slått saman underliggande verksemder. Denne jobben er heilt nødvendig og handlar om å flytte ressursar til pasientar, brukarar og innbyggar, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
Forslaget inneber at det blir gjennomført effektiviseringstiltak for 194 millionar kroner i administrasjon i helseføretaka og 106 millionar kroner i den sentrale helseforvaltninga. Hovuddelen av effektiviseringa for underliggande etatar blir tatt på budsjetta til Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet (sjå tabell i faktaboks under). Dette inkluderer at ansvaret for fristbrotordninga blir flytta frå Helfo til dei regionale helseføretaka utan at det blir kompensert. Det inneber eit kutt på 8 millionar kroner for dei regionale helseføretaka.
– Gjennom prosjektet vil vi måtte gjennomgå administrasjon for å finne gevinstar som kan bli realiserte. Departementet vil følge opp arbeidet for å bidra til at gode løysingar kan bli delte. Vi vil også følge opp tiltaka gjennom den
ordinære styringsdialogen, seier Vestre.
Regjeringa er opptatt av at ressursbruken blir retta mot viktige behov i etatane:
- Regjeringa foreslår til saman 7 millionar kroner til Folkehelseinstituttet for igangsetting av to tiltak, høvesvis nasjonalt register for uønskte pasienthendingar og skreddarsydd statistikk på legemiddelområdet. Tiltaka føreset at Folkehelseinstituttet gjer interne omprioriteringar for å fullfinansiere tiltaka.
- Skreddarsydd statistikk på legemiddelområdet skal bidra til trygg og kostnadseffektiv legemiddelbruk, og vil kunne gi store innsparingar for samfunnet.
- Ein nasjonal database med oversikt over uønskte hendingar i helsetenestene skal bidra til meir læring på tvers og betre pasientsikkerheit.
- Regjeringa foreslår 5 millionar kroner til modernisering av IKT-systemet i mammografiprogrammet som er nødvendig for å sikre eit trygt og meir kostnadseffektivt program, og mogleggjer meir bruk av KI.
- Regjeringa foreslår 3,8 millionar kroner til nytt IKT-system i livmorhalsprogrammet som vil mogleggjere utsendingar av HPV-heimetest direkte til kvinna, og vil gi sikker kommunikasjon mellom dei ulike nivåa i helsetenesta. Gammalt IKT-system har ikkje dei tekniske føresetnadene for dette.
- Regjeringa foreslår 10 millionar kroner til Direktoratet for medisinske produkt (DMP) knytt til å styrke forsyningssikkerheit og beredskap av legemiddel og medisinsk utstyr som er viktig for å vere førebudd ved framtidige kriser. Tiltaka førutset også at DMP gjer interne omprioriteringar.
Effektiviseringskrav på dei ulike etatane
|
Etat |
Totalt per etat |
|
Bioteknologirådet |
0,14 |
|
Helsedirektoratet |
55,737 |
|
Nasjonalt klageorgan for helsetenesta |
0,86 |
|
Folkehelseinstituttet |
40,123 |
|
Direktoratet for medisinske produkt |
3,7 |
|
Direktoratet for strålevern og atomtryggleik |
1,1 |
|
Statens helsetilsyn |
0,94 |
|
Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta |
3,4 |
|
Effektiviseringstiltak i dei regionale helseføretaka |
194 |
|
Totalt |
300 |
*Ansvaret for fristbrotordninga blir flytta frå Helfo til dei regionale helseføretaka. Dette inneber derfor ikkje eit reelt kutt for Helsedirektoratet. Spesialisthelsetenesta/dei regionale helseføretaka får samtidig ikkje medfølgande middel til oppgåva dei får overført. Dette inneber derfor eit reelt kutt på 8 millionar kroner for dei regionale helseføretaka.