– Riksrevisjonen sin rapport om Helseplattforma nyleg er alvorleg, og vi høyrer dei same tilbakemeldingane frå helsepersonell som bruker Helseplattforma. Samtidig oppmodar Riksrevisjonen om å legge til rette for størst mogleg oppslutnad om Helseplattforma. Då er det viktig at vi er tydelege på at vi forventar at Helse Midt-Noreg RHF involverer helsepersonell i forbetringsarbeidet knytt til ei meir brukarvennleg løysing, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Dei 200 millionane kronene regjeringa foreslår skal gjere det lettare for helsepersonell å bruke Helseplattforma og auke effektiviteten i løysinga.

– Å skape ei meir brukarvennleg løysing veit vi er eit sterkt ønske frå fleire hald. Med denne ekstraløyvinga vil det vere mogleg for Helse Midt-Noreg RHF å prioritere, fortel Vestre.