– Dagens nødnett er svært viktig for beredskapen i Norge, men er i dag i hovudsak bygget for tale. Det nye nødnettet skal tilby sikre og robuste data-, bilde- og videotenester, og blir bygd på framtidsretta 5G-teknologi. Det skal gi 150 000 brukarar bland helse, politi, brann og andre viktige nød- og beredskapsaktørar ei betre og meir framtidsretta løysning. Dei skal få best mogleg situasjonsforståing når det gjeld som mest, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Torgeir Micaelsen (Ap).

Nytt nødnett skal styrke kommunikasjonen i totalforsvaret, og er eit viktig prosjekt for nasjonal sikkerheit og beredskap. Alle dei tre mobilnetta skal nyttast for å få ei god og robust løysning som varetek sikkerheiten i tenestene og konkurransen i mobilmarknaden.

Statens avtale om drift av dagens nødnett utløpar 31. desember 2031. Målet er at alle nød- og beredskapsaktørane skal vere over på det nye nødnettet før dette. Investeringsavgjerda ligg noko fram i tid. Denne løyvinga bidreg til å utnytte tida fram til dette best mogleg. Gjennom styrka test- og utviklingsarbeid, tidleg førebuing av avtaleinngåingar og oppbemanning av prosjektorganisasjonen, vil prosjektet stå betre rusta.

Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til prosjektet med 200 millionar kroner i 2027, slik at den totale løyvinga blir på 324,5 millionar kroner i 2027.