Foreslår 50 millionar kroner ekstra til telesikkerheit- og beredskap i Trøndelag

Regjeringa foreslår å løyve 50 millionar kroner ekstra til å styrke dei digitale kommunikasjonsnetta i Trøndelag for å utbetre alvorlege sårbarheiter som òg er viktig for Nord-Noreg. Løyvinga blir dermed totalt 75 millionar kroner til Trøndelag.

– Når vi skal bli verdas mest digitaliserte land, er vi er heilt avhengig av stabile og trygge mobil- og breibandsnett. Både ekstremvêr og andre hendingar kan ramme den digitale infrastrukturen. Derfor må vi gjere endå meir for å tryggje desse netta, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.

Midlane skal finansiere tiltak for å utbetre dei viktigaste sårbarheitene i dei digitale kommunikasjonsnetta i Trøndelag. Tiltaka som no vil bli satt i verk vil komme kritiske samfunnsfunksjonar, som helse- og nødetatar til gode, og er særleg viktig i den geopolitiske sikkerheitssituasjonen Noreg står overfor.

– Det er òg eit hovudmål i digitaliseringsstrategien som regjeringa nyleg la fram, å sikre at vi har robuste elektroniske kommunikasjonsnett i heile landet, seier Tung.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har på oppdrag frå departementet gjennomført risiko- og sårbarheitsanalysar i Trøndelag, og kartlagt transportnetta som all mobilkommunikasjon, breiband og internett i Nord-Noreg og Trøndelag er avhengig av. Analysane har avdekt alvorlege sårbarheiter i dei digitale kommunikasjonsnetta i Trøndelag, som det er nødvendig å utbetre raskt.

Nkom har saman med marknadsaktørane lagd ei tiltakspakke på totalt 75 millionar kroner for å redusere dei viktigaste og mest kritiske sårbarheitene som er avdekte. Regjeringa foreslår no 50 millionar kroner ekstra som kjem i tillegg til dei 25 millionane som allereie er satt av innafor den opphavlege løyvinga på budsjettposten for telesikkerheit- og beredskap i 2024.

Den samla løyvinga på posten vil vere 238 millionar kroner i 2024. Posten dekk óg fleire andre nødvendige tiltak for telesikkerheit og beredskap.