– Petroleumssektoren er den største og viktigaste næringa vår. Regjeringa vil vidareutvikle næringa slik at petroleumsressursane våre kan forvaltast til beste for det norske folket og allierte i Europa. Å leggje til rette for framtidig leiting og nye funn gjennom årlege konsesjonsrundar er avgjerande for framtidig olje- og gasseksport, verdiskaping og tryggleik for økonomien og arbeidsplassar over heile landet, seier energiminister Terje Aasland.

Det har i fleire tiår vore leiting i store delar av det opna, tilgjengelege leitearealet på den norske kontinentalsokkelen. Dei mest kjende petroleumsområda på kontinentalsokkelen er omfatta av TFO-konsesjonsrunden.

– Å gi selskapa tilgang til nytt og attraktivt areal årleg er ein berebjelke i regjeringa sin politikk for å vidareutvikle næringa. Dette legg til rette for nye funn og sikrar framtidig produksjon og verdiskaping – produksjon som er viktig for energitryggleiken i Europa. No set me i gang årets konsesjonsrunde, TFO 2026. Me foreslår å utvide arealet selskapa kan søkje på med 70 blokker, frå Nordsjøen i sør til Barentshavet i nord, seier Aasland.

TFO-området omfattar i dag størstedelen av Nordsjøen, Norskehavet og store delar av Barentshavet sør. Departementet foreslår å utvide TFO-området med 22 blokker og delar av blokker i Nordsjøen, 10 i Norskehavet og 38 i Barentshavet. Som følgje av petroleumsfaglege vurderingar omfattar den foreslåtte utlysinga areal som selskapa har nominert til 26. konsesjonsrunde. Det blir derfor ikkje gjennomført ein 26. konsesjonsrunde i 2026. Departementet vil jobbe vidare med 26. konsesjonsrunde.

Departementet vil gjennomføre TFO 2026 i tråd med vanleg tidsplan. Det vil seie utlysing i første halvår, med søknadsfrist i tredje kvartal 2026 og tildeling i januar 2027.

Alle konsesjonsrundar blir gjennomførte i område som er opna for petroleumsverksemd, og innanfor dei arealrammene Stortinget har fastsett gjennom forvaltningsplanane for havområda. I høyringsrunden blir det bede om innspel på om det har kome til ny, vesentleg informasjon som er relevant for avgjerda om kvar det kan vere petroleumsaktivitet i opna, tilgjengeleg areal i tida sidan Stortinget behandla dette spørsmålet i juni 2024.

Bakgrunn

Tildeling i førehandsdefinerte område (TFO) vart introdusert i 2003 for å leggje til rette for tidsriktig utforsking av dei geologisk mest kjende delane av sokkelen. I desse områda går den forventa storleiken på funn ned. Det blir i stor grad leita etter mindre funn som ikkje kan forsvare ei sjølvstendig utbygging, men som kan vere lønnsame når dei blir sett i samanheng med andre funn og/eller kan utnytte eksisterande eller planlagd infrastruktur. Tidsriktig utforsking av desse områda er difor viktig.

Departementet vil leggje rammene for petroleumsverksemd frå forvaltningsplanen som vart handsama i Stortinget i 2024, til grunn for tildelingar i TFO 2026.

For å oppnå ei effektiv utforsking er det viktig med førehandskjende vilkår om kva område det er mogleg å søkje på i TFO, og jamleg påfyll av nytt areal. Miljødirektoratet har eit pågåande arbeid med modellering av akuttutslepp av olje. Dersom dette fører til strengare krav til dimensjoneringa av beredskap ved petroleumsverksemd, vil dette òg gjelde for løyve som blir tildelte i TFO 2026.

TFO-rundane blir gjennomførte ein gong i året. Ved utlysing blir det gjort ei vurdering av om området som er omfatta av ordninga (TFO-området) skal utvidast. Det er petroleumsfaglege vurderingar som avgjer om nye område skal leggjast til TFO-området. Området blir utvida etter kvart som nye område blir utforska.

Petroleumsverksemda i Noreg skjer under strenge krav til helse, miljø og tryggleik. Det blir lagt stor vekt på å sikre god sameksistens med andre brukarar av havet.

 Les meir om høyringa her: Høring - Tildeling i forhåndsdefinerte områder (TFO) 2026.