I tillegg har regjeringa foreslått å opprette ei ny satsing på næringsretta kvanteteknologi med 150 millionar kroner årleg. Dette kjem i tillegg til satsinga på 70 millionar kroner årleg frå 2025-budsjettet. Dette gir totalt 1,1 milliardar kroner over fem år til satsing på kvanteteknologi i næringslivet. Regjeringa har òg varsla at det skal brukast tre milliardar kroner årleg innan helse på KI av dei totale investeringane til medisinsk utstyr dei neste fire åra.

– Dette er ei offensiv satsing på digitalisering, der vi prioriterer prosjekt som trygger Noreg i ei uroleg tid. Vi legg til rette for meir effektiv utnytting av ressursar og betre og sikrare tenester for innbyggjarar og næringsliv. Den digitale infrastrukturen vår skal styrkjast, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.

Sikkerheit og beredskap

Blant tiltaka er ei kraftig satsing på sikkerheit og beredskap i mobil- og breibandsnetta. Regjeringa foreslår å løyve 421 millionar kroner til å styrke den digitale infrastrukturen (sjå eiga pressemelding).

-Den tryggingspolitiske situasjonen har endra seg stort dei siste åra. Eit stadig meir komplekst trussel- og risikobilete gjer det nødvendig å styrkje innsatsen. Derfor foreslår vi å doble løyvinga på dette området, seier Tung.

Regjeringa foreslår i tillegg 100 millionar kroner til prosjektet for nytt naudnett.

– Nytt naudnett skal bli betre enn dagens når vi går over til 5G-teknologi. 150.000 brukarar innan brann, helse og politi skal få ei framtidsretta kommunikasjonsløysing. Det vil gjere det mogleg å dele data mellom nødetatane, som bilete og video i tillegg til vanlege samtalar, seier Tung.

I tillegg til nye tiltak kjem omfattande allereie igangsette digitaliseringssatsingar; mellom anna investeringar i nye Altinn med over 950 millionar kroner dei siste åra.

-Vi har investert meir enn fem milliardar kroner dei siste fire åra i nye digitaliseringstiltak som vil gjere kvardagen betre for innbyggjarar og næringsliv. Gamle system blir bytta ut og meir effektive løysingar legg til rette for auka verdiskaping, seier Tung.

Foreslåtte nye digitaliseringstiltak i 2026

(i mill. kr)

Departement

Kort omtale av tiltaket

Forslag

DFD

Telesikkerheit og -beredskap

421,2

NFD

Secure Connectivity

184,9

AID

Prosjekt 5 – modernisering av pensjons- og uføreområdet i Arbeids- og velferdsetaten

114,0

DFD

Medfinansieringsordning for digitaliseringsprosjekt (tilsegnsramme)

113,5

DFD

Nytt nødnett

100,0

SD

Statens vegvesen – drift og forvaltning av nye IT-system og -infrastruktur, og auka sikkerheit mot digitale angrep

100,0

FIN

Fremtidens tollbehandling

90,0

KD

Nasjonal infrastruktur for tungrekning

90,0

KDD

Fellesløysingar for geografisk infrastruktur

47,0

KD

Modernisering av IT-systema i Lånekassen

45,0

KUD

Vederlagsordning for bruk av opphavsrettsleg beskytta materiale i trening av norske og samiske språkmodellar

45,0

DFD

Utbygging av høghastigheits breiband

34,1

AID

Automatiske trekk av fagforeiningskontingent i ytingar i Arbeids- og velferdsetaten

30,0

DFD

Ny KI-lov, tilsyn, regulatorisk sandkasse og KI Noreg

30,0

JD

Forprosjekt for nasjonal skyteneste

30,0

KDD

Forenkle og digitalisere plan- og byggesaksprosessane

25,0

BFD

Digitale tilsynsverktøy – forbrukarvernet til barn

15,0

DFD

Digital inkludering

15,0

BFD

Nytt saksbehandlingssystem for familievernet

13,0

AID

Eit enklare Nav – systemutvikling

10,0

JD

Digitalisering i domstolane

10,0

 

Sum

1 562,7

Medfinansieringsordninga dekker berre halve investeringskostnaden, resten må søkjarverksemda finne rom for innanfor eiga ramme. Løyvinga til medfinansieringsordninga i 2026 vil kunne utløyse offentlege digitaliseringsinvesteringar med samla budsjett på minst 227 mill. kroner.

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 20 00

E-post til kommunikasjonseininga: presse@dfd.dep.no