– I tillegg til tilkoplinga for Rogfast, er E39 Smiene – Harestad  ein del av ein viktig transportåre for pendlarar, næringsliv og transportnæringa. No blir det ein moderne, trafikktrygg veg som varetek både gjennomgangstrafikk og lokaltrafikk, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam.

Utsett for ulykker

Strekninga mellom Smiene i Stavanger og Harestad i Randaberg er i dag ein tofelts veg som er utsett for ulykker og som har lav standard og hastigheit. Når prosjektet er ferdig blir det ein samanhengande standard med fire felt og betre trafikktryggleik mellom Eiganestunnelen i sør og Rogfast-tunnelen i nord. 

– I 2033 opnar etter planen Rogfast. Det er ein ferjefri vegforbindelse som bind Nord-Jæren og Haugalandet saman. Det hjelper ikkje at tunnelen er klar om han ikkje blir kopla til vegane rundt. Difor prioriterer regjeringa å bygge E39 Smiene-Harestad, seier Gunaratnam. 

E39 Smiene-Harestad skal binde E39 Rogfast og Eiganestunnelen saman fra Randaberg til Stavanger. Påkoplinga av Rogfast-tunnelen skjer i Harestadkrysset, som er ein del av E39 Smiene–Harestad.

Meir om prosjektet

  • E39 Smiene–Harestad er eit vegprosjekt på cirka 4,5 kilometer i Bypakke Nord-Jæren, som inngår i byvekstavtalen for Nord-Jæren.
  • Strekninga blir planlagt med fire felt og midtrekkverk mellom køyreretningane.
  • Det blir også etablert samanhengande gang- og sykkelveg på strekningen.
  • I statsbudsjettet for 2027 foreslår Samferdselsdepartementet at prosjektet skal bli gjennomført innanfor ein kostnadsramme på 6,6 milliardar kroner.
  • Styringsramma er satt til 5,6 milliardar kroner.
  • I budsjettet er det satt av statlege midlar til prosjektet. Det er også lagt til grunn bompengar frå Bypakke Nord-Jæren.