Historisk arkiv

Foreslår nytt servicesenter i Trondheim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Regjeringa foreslår å etablere eit nytt servicesenter for utanlandske arbeidstakarar (SUA) i Trondheim i 2016, i tillegg til kontora som allereie er etablert i Bergen, Stavanger, Oslo og Kirkenes.

SUA er eit samarbeid mellom Skatteetaten, politietaten, UDI og Arbeidstilsynet. Senteret gir utanlandske arbeidstakarar og deira arbeidsgivarar eit felles kontaktpunkt for viktige delar av kontakten med norske myndigheiter.  

– Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for at norske arbeidsgjevarar med behov for kompetanse frå utlandet raskt kan rekruttere kvalifiserte arbeidsinnvandrarar, og har merka seg dei gode tilbakemeldingane frå både arbeidsinnvandrarar og næringslivet ved dei eksisterande servicesentra, seier arbeids- og sosialminister Robert Eriksson.

– Når kunnskapsbyen Trondheim skal tiltrekkje seg høgt kompetent arbeidskraft, er det viktig å gjere saksbehandlingsprosessen så rask og smidig som mogleg. Det er hard konkurranse om dei beste hovuda internasjonalt, og regjeringa vil ikkje at lang sakshandsaming skal stå i vegen for at bedrifter og kunnskapsinstitusjonar i Trondheim skal klare å nå opp i denne konkurransen. Her vil SUA ha ein viktig funksjon. Eit SUA-kontor vil også bety mykje for andre næringar i heile regionen, ikkje minst havbruksnæringa langs Trøndelagskysten, seier statsråden.

Eit nytt SUA-kontor i Trondheim vil redusere byråkratiet ved arbeidsinnvandring. Servicekontora har også vist seg å vere ein styrke i arbeidet mot arbeidslivskriminalitet og sosial dumping, gjennom eit tett samarbeid mellom etatane.