I møtet den 18. november 2016 gjorde Tine som markedsregulator greie for marknadssituasjonen i inneverande kvoteår og prognosane for innveid mjølkemengde og mjølkebehov i 2017.  Landbruks- og matdepartementet understreka at det er stor produksjonsvilje i norsk mjølkeproduksjon og at partane i jordbruksoppgjeret over tid har stimulert til nettopp denne auka interessa. Jordbruket meinte det var avgjerande å skape balanse i mjølkemarknaden. Dei påpeika at dersom forholdstalet ikkje vart redusert ville dette forverre situasjonen framover. Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag   tilrådde at forholdstalet for disponibel kvote skulle setjast til 0,98 for kumjølk, i samsvar med forslaget frå Tine. Faglaga la vekt på at eit samla jordbruk hadde gitt statsråden eit eintydig råd om å sette forholdstalet ned. 

– Eg meiner at endringa som no er gjort ikkje var naudsynt. Men ettersom faglaga la stor vekt på å redusere mjølkekvotene, har eg valt å akseptere denne løysinga. Eg vil samstundes minne om at dette vedtaket vil måtte påverke partane sine posisjonar i jordbruksforhandlingane til våren", seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.