Forsida

Forlenger overgangsordninga for Sentral godkjenning

–Vi har lytta til innspela vi har fått, særleg frå anleggsbransjen. For å sikre føreseielege rammevilkår, blir overgangsordninga for Sentral godkjenning no forlenga, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Overgangsordninga for Sentral godkjenning blei innført i 2016 og har blitt forlenga fleire gonger. Den skulle etter planen avviklast frå 1. juli 2023. Dette har skapt bekymring, spesielt hos anleggsbransjen.

– Departementet er i gang med oppfølging av forslaga frå Byggkvalitetutvalet. Å avvikle overgangsordninga før nye reglar er på plass, vil særleg påverke føretak som arbeider med veg- og grunnarbeid og vassforsynings- og avløpsanlegg. Det er derfor viktig å sikra føreseielege rammevilkår for næringa fram til nye reglar er på plass, seier Gjelsvik.

Overgangsordninga inneber at føretak som fekk Sentral godkjenning før 1. januar 2016, kan vere trygge på at tidlegare gitt godkjenning kan fornyast utan endringar. Ved søknad om endra godkjenningsområde eller tiltaksklassar, må derimot kvalifikasjonskrava framleis oppfyllast fullt ut.

Dersom ikkje overgangsordninga blei forlenga, kunne det ført til svekka kapasitet på område som er viktige for samfunnet. Dette kan vere prisdrivande, og verke inn på prosjekta si framdrift. Derfor er det no avgjort at overgangsordninga for Sentral godkjenning blir forlenga til nye regler er på plass. No kan føretaka bruke ressursane sine på å skape verdiar, i staden for å måtte uroa seg for denne saka, seier Gjelsvik.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no