Regjeringa vil at næringslivet skal doble investeringane sine i forsking og utvikling. Måndag besøker Aasland to satsingar som tydeleg viser kva næringsliv, filantropi og forsking kan få til saman. Begge vil gje ny kunnskap om klima, hav og miljø – noko som berre blir viktigare i åra som kjem.

Noregs første fjellforskingssenter

Fjella våre er i rask endring. Global oppvarming aukar med høgda, og konsekvensane er merkbare: breane smeltar, permafrosten tinar, og nedbørsmønstra endrar seg. Dette gjer fjellområda meir ustabile og utsette for ras, flaum og andre naturfarar.

Det nye fjellforskingssenteret er eit spleiselag mellom Trond Mohn forskingsstifting og UiB, som har lagt 53 millionar kroner i potten. Her skal forskarar på fagfelt som meteorologi, geologi, glasiologi, botanikk, økologi og modellering jobbe saman for å forstå samanhengane mellom klimaendringar og fjellmiljøet.

Universitetet i Bergen får sjølvgåande undervassrobot

UiB og Kongsberg Discovery samarbeider om å gå djupare i havet og havforskinga. Regjeringa har løyvd 70 millionar kroner til å kjøpe inn ein HUGIN Superior, og i løpet av året leverer Kongsberg ein slik djuphavsrobot til universitetet. Han kan gå ned til 6000 meter og operere på eiga hand, og står øvst på ønskjelista til djuphavsforskarane ved universitetet. Det betyr at forskarane kan nå område på havbotnen dei ikkje har nådd tidlegare. Det vil auke forståinga av djuphavet, miljø og havressursar.

Program:

Opning av fjellforskingssenteret på Ulriken

  • Tid: 10–12.30
  • Stad: Toppen av Ulriken
  • Kva skjer: Statsråden og rektor ved UiB held sine opningshelsingar. Deretter besøker dei interaktive stasjonar ute i feltet, mellom anna innan innsjøboring, plantefeller, dronar og ein mini-vêrstasjon.

Markering av nytt djuphavssamarbeid med UiB og Kongsberg Discovery

  • Tid: kl. 14–15
  • Stad: Universitetsmuseet i Bergen, Djuphavsutstillinga
  • Kva skjer: Det blir talar frå statsråden og rektor, omvising i djuphavsutstillinga og vi får høyre meir om både djuphavsroboten og det vidare samarbeidet mellom universitetet og Kongsberg Discovery

Pressekontakt for forskings- og høgare utdanningsministeren er kommunikasjonsrådgiver Martin Siewartz Nielsen, telefon: 91159317, e-post: martin-siewartz.nielsen@kd.dep.no