Pressekonferanse om søkartala til universitet, høgskular og fagskular

Måndag 24. april presenterer forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe, og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, årets søkartal til universitet, høgskular og fagskular.

Nett-tv Pressekonferanse om søkartala til universitet, høgskular og fagskular

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

  • Tid: Måndag 24. april kl. 11.0012.00. (Oppmøte kl.10.45)
  • Stad: NTNU, Realfagsbygget, 1. etasje. Høgskoleringen 5, Trondheim

Fristen for å søke var 15. april, og måndag blir det kjent kva trendar vi ser blant søkarane i år. Er det fleire eller færre søkarar enn i fjor? Kva for utdanningsområde har størst vekst, og kva for utdanningsområde har størst nedgang?

Pressekonferansen er på NTNU.  Direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Sveinung Skule, presenterer søkartala. Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe kommenterer tala, og svarer på spørsmål.

Pressa er velkomen og det blir høve til å intervjue statsråden og Skule. Rektor ved NTNU, Anne Borg, vil også vere til stades.

Kontaktperson for spørsmål og påmelding: kommunikasjonsrådgjevar i Kunnskapsdepartementet Johanne Severinsen 91114868 eller e-post: jose@kd.dep.no 

Strøyming:
Pressekonferansen blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.