Statsbudsjettet 2019:

Forskingstokt til Antarktis

Regjeringa foreslår å løyve 37,5 millionar kroner i 2019 til eit forskingstokt til Antarktis vinteren 2018-2019. Toktet skal styrkje kunnskapen om krillen si rolle i økosystema i Antarktis og dermed auke kunnskapsgrunnlaget for forvaltinga av krill.

- Krill er ei lita dypvannsreke med eit stort potensial. For å kunne hauste meir krill og utnytte næringspotensialet for krill enda betre må vi få fram meir kunnskap om bestanden og økosystemet, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.  

Toktet er den første store kartlegginga av krill sidan 2000, og planlegginga er godt i gang. Det nye isgåande forskingsfartøyet Kronprins Haakon seglar etter planen mot Antarktis mot slutten av 2018.  

- Det nye isgåande forskingsfartøyet Kronprins Haakon vil gi oss ny kunnskap om havområda i nord og i Antarktis. Dette er viktig for berekraftig næringsutvikling. Det skal styrkje Noregs posisjon som havnasjon, som igjen gir moglegheiter for internasjonal påverknad. Det bidreg og til at vi kan ivareta norske interesser som ansvarleg polarnasjon, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik. 

Det er Havforskingsinstituttet, i samarbeid med Norsk Polarinstitutt, som skal planleggje og gjennomføre toktet.

Til toppen