Forskriftsendringar 1. mai:
Enklare tilgang til prøvesvar for innbyggarar og helsepersonell
Nyheit | Dato: 01.05.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Endringar i to forskrifter tar 1. mai til å gjelde, noko som gjer at prøvesvar enklare kan bli delt.
– I dag er enda ein milepæl i digitaliseringa av vår felles helseteneste! Desse endringane gjer at du som pasient får mykje enklare tilgang til prøvesvar på Helsenorge. Det kan til dømes vere svar på ein blodprøve eller ei røntgenundersøking, forklarer helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
Pasientens prøvesvar
Løysinga som gjer at delinga av prøvesvar no blir mogleg heiter Pasientens prøvesvar.
Pasientens prøvesvar er ein del av nasjonal kjernejournal – ei digital løysing som gir helsepersonell rask tilgang til dine viktigaste helseopplysningar.
Samtidig som helsepersonell får tilgang til opplysningar om pasientar via kjernejournal, får pasientar tilgang til dei same opplysningane via Helsenorge – som er nettstaden for informasjon om helsetenester for innbyggarar Noreg.
Utprøving frå slutten av mai
Dei første fastlegekontora vil prøve ut Pasientens prøvesvar frå slutten av mai, og utprøvinga vil bli gradvis utvida til fleire fastlegekontor, sjukehus, laboratorium og radiologiske verksemder i løpet av året i år og neste år.
– Med ei slik stegvis utrulling og utprøving, viser regjeringa sin digitaliseringsstrategi i praksis, seier Vestre.