Historisk arkiv

Forslag om ny arkivforskrift opnar for bruk av skytenester

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Offentlege verksemder har dei siste åra gått over til at oppretting av arkiv og bevaring av arkiv skal skje elektronisk. Med dette følgjer behov for nye forskrifter for arkivering. Kulturdepartementet foreslår at offentlege organ kan kjøpe skytenester for lagring av digitalt arkivmateriale.

Departementet foreslår også at detaljerte reglar for offentlege arkiv som gjeld no, blir erstatta av føresegner med meir overordna krav. Forslaget legg til rette for at offentlege institusjonar sjølv kan organisere si arkivverksemd så lenge dokumenta er ordna og lagra i samsvar med arkivansvaret i arkivlova.

Kulturdepartementet foreslår at offentlege organ, om ei ønskjer det, kan lagre digitalt arkivmateriale utanfor Noreg. Dette opnar for at kommunale, fylkeskommunale og statlege institusjonar og einingar kan kjøpe skytenester. Forslaget er ei modernisering av arkivregelverket og følgjer opp satsinga frå Regjeringa på Nasjonal strategi for bruk av skytenester.

Høyringsforslaget er lagt ut på regjeringa.no