Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Forslag til forskrift om eldreråd, råd for personar med funksjonsnedsetjing og ungdomsråd

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sendt på høyring eit forslag til ny forskrift om kommunale og fylkeskommunale råd for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom. – Det er viktig at desse gruppene får delta i lokaldemokratiet og at dei vert høyrde, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

tortinget vedtok før sommaren ei føresegn i ny kommunelov om at alle kommunar og fylkeskommunar skal opprette råd for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom. Det inneber at reglane om brukarmedverknad er samla i ei lov. No skal detaljerte reglar om oppgåver, organisering og saksarbeid fastsettast i forskrift.

– Eldre, personar med funksjonsnedsetjing og unge bruker mange kommunale tenester og er ofte underrepresentert i demokratiske fora. Difor er det viktig at politikarane lokalt lyttar til kva desse innbyggjarane ønskjer og treng i saker som gjeld dei, seier Monica Mæland.

Brukermedverknad handlar mellom anna om ulike grupper sin rett til å seie si meining og å verte høyrd i saker om seg sjølve. Fram til no har kommunane berre vore pålagde å ha medverknadssordningar for eldre og personar med funksjonsnedsetjing. Mange kommunar har óg hatt ulike ordningar for å høyre ungdommane si meining i saker som er viktige for dei. Det nye er at alle kommunar no må opprette ungdomsråd eller eit anna medverknadsorgan for ungdom.

Det lovpålagte regelverket vi har i dag om medverknad for eldre og personar med funksjonsnedsetting vert i all hovudsak vidareført, og reglane for ungdomsmedverknad vert nesten identiske.

– Det nye regelverket skal vere enkelt å praktisera, både for innbyggjarane og kommunane. Råda skal ha eit reelt høve til å påverke. Departementet understrekar difor at det er viktig at kommunane etablerer rutinar som sikrar at råda mottek sakene så tidleg i saksarbeidet at deira fråsegn faktisk kan påverke utfallet av saka, seier Mæland.

Høyringsfristen er 1. april 2019.

Departementet reviderer no alle forskriftene til kommunelova. Vi sender og ny budsjett- og regnskapsforskrift på høyring i dag. I løpet av fyrste halvår 2019 vil fleire forskrifter kome på høyring.

Til toppen