Forslag til ny barnelov overlevert barneministeren

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad tok i dag imot ei offentleg utgreiing om barnelova. Utvalet har vurdert korleis lova kan verte meir moderne og tidsriktig.

– Dette er eit viktig arbeid og eg er glad for at vi har fått ei grundig og god utgreiing om ny barnelov. Omsynet til barnets beste skal vere det grunnleggande, og eg synes også det er flott at utvalet har lagt vekt på å innhente synspunkt frå barn og unge, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.

Utvalet vart sett ned 7. desember 2018 og har mellom anna vurdert utforminga av bidragssystemet, utforminga for likestilt foreldreskap og gjennomgått barns rettar, spesielt i et internasjonalt perspektiv.

Les NOU 2020: 14 Ny barnelov.

Utgreiinga vil bli sendt på høyring.

Utvalet foreslår mellom anna:

  • Å løfte fram nokre sentrale menneskerettar for barn, heilt innleiingsvis i lova. Målet er å styrke barn sine rettar. I lovforslaget om dei grunnleggande menneskerettane står det mellom anna at barnet har rett til å medverke, til omsorg, utvikling og vern mot vald, og at barnet har rett til familieliv.
  • Ei rettsleg nyvinning som går ut på at foreldra må ta omsyn til barnet sin rett til privatliv og personvern før dei samtykkjer til å dele personopplysningar om barnet. Foreldra må respektere det der barnet nektar deling av personopplysningar. Forslaget gjennomfører barnet sin rett til privatliv etter barnekonvensjonen.
  • Fleirtalet i utvalet ønskjer å endre terskelen for når retten kan bestemme at barnet skal bu fast hos begge foreldra. Derfor foreslår utvalet at det ikkje lenger skal stå i lova at det skal "særlege grunnar" til for at retten kan fastsetje delt bustad. Dette kan innebere at fleire barn bur fast hos begge foreldra etter rettens avgjerd. Når det gjeld foreldra sine avtalar, skal utgangspunktet framleis vere avtalefridom.
  • Fleirtalet i utvalet ønskjer at foreldre som har foreldreansvaret saman, skal vere einige før ein av foreldra flytter med barnet. Samstundes foreslår eit samla utval at ein skal kunne be domstolen ta ei avgjerd om det konkrete flyttespørsmålet dersom den eine vil flytte med barnet og den andre ikkje samtykkjer.
  • Det bør vere fleire personar enn i dag som kan krevje at retten fastset samvær med barnet. Fleirtalet i utvalet meiner at dei med ei nær omsorgsrelasjon til barnet skal kunne krevje slikt samvær der det er til det beste for barnet.
  • Utvalet foreslår til dels omfattande endringar i meklingsordninga. Etter forslaget skal mekling i foreldretvister som hovudregel skje i familievernet, og ikkje i domstolane. Uavhengig av kva foreldra vil, skal barnet få ei sjølvstendig rett til å bli høyrt i meklinga.

Lagdommar Torstein Frantzen har leia utvalet.

– Barnelova er ein lov som gjeld for alle barn og foreldre i Noreg. Ho er ein grunnstein blant lovane i Noreg som gjeld for privatpersonar. I arbeidet med utredninga har vi jobba for å balansere mellom dei ulike interessene til dei som lova gjeld for, seier Frantzen.

– For oss i utvalet har det vore viktig å ivareta den parten som ikkje nødvendigvis har den høgaste stemma, nemleg barnet. Barn har ikkje stemmerett, men dei har rett til å seie meininga si i spørsmål som gjeld dei sjølve. Utvalet har fått innspel frå nokre barn og unge i arbeidet, men vi synst det er viktig at arbeidet med å høyre barn og unge i lovprosessen held fram også når vi no avsluttar arbeidet i utvalet. Vi har skrive eit forord og eit samandrag særleg for barn som står fremst i NOUen, seier han.