Presseinvitasjon:

Nyheiter

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram og fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran til Andøya

Forsvarsminister Gram (Sp) og fiskeri- og havminister Skjæran (Ap) vil onsdag 10. mai besøke Andøya. Dei skal treffe leiinga ved Andøya Space og baseleinga ved Andøya flystasjon.

Vi legg opp til eit møte med pressen onsdag klokka 12:30 (oppmøte 12:15). Ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Lars Gjemble, 90973891, Lars.Gjemble@fd.dep.no for meir info om stad (kun for presse).