– Isopor er ei stor kjelde til plastforureining i naturen. Stoffet blir brote svært langsamt ned og kan innehalde kjemikaliar som er skadelege for helsa til både dyr og menneske. Vi ønskjer no å forby bruk av open isopor i flytebryggjer og bøyer for å unngå opphoping i fjordane våre, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Forbud mot åpen isopor i flyteelementer
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen viser fram eit eksempel på eit flyteelement til bruk på ei flytebryggje der isoporen er dekt til. Foto: Jo Randen/KLD

Nye målingar frå det nasjonale overvakingsprogrammet for mikroplast, MIKRONOR,  viser at mikroplast, mellom anna flytande isopor, hopar seg opp i visse område i Oslofjorden.

Internasjonale krav

Båthamner er ein av fleire kjelder til isoporforureining på grunn av utbreidd bruk av isopor som ikkje er dekt til i ulike flytelement. Isopor blir lett fragmentert i mindre bitar og blir til mikroplast som flyttar seg med luft-, vass- og havstraumar på tvers av landegrenser. 

No er det semje internasjonalt om å innføre tiltak som skal hindre utslepp av isopor og annan skumplast frå flytebryggjer og bøyer. Det skal skje ved å fase ut bruken av utildekte flyteelement og bøyer av isopor. Bøyer som er tildekte med hardplast er mykje meir vêrbestandig. No startar arbeidet med å gjennomføre avgjerda i Noreg.

– Eit forbod mot å bruke utildekt isopor i flytebryggjer og bøyer er eit viktig steg for å ta betre vare på Oslofjorden og resten av havområda våre, seier Bjelland Eriksen.

FAKTA

  • Den regionale havavtalen OSPAR som består av 15 land som grensar til Nordaust-Atlanteren, vedtok ei juridisk bindande avgjerd 26. juni i år om å forhindre utslepp av isopor og annan skumplast frå flytelement i flytebryggjer og bøyer.
  • Noreg (ved Miljødirektoratet) har bidrege i arbeidsgruppa som har utarbeidd forslaget og jobba aktivt for å få vedteke avgjerda.
  • Landa skal no ta nasjonale tiltak for å forhindre bruken av nye ikkje-tildekte flyteelement og bøyer innan 3 år.
  • Miljømyndigheitene vurderer korleis avgjerda skal gjennomførast i Noreg. Det er naturleg at gjennomføringa i Noreg skjer på ein mest mogleg harmonisert og formålstenleg måte i tråd med korleis dette blir løyst i resten av OSPAR-landa og EU.
  • Undersida av pongtongar for flytebryggjer vil i første omgang vere friteke frå kravet til innkapsling. Undersøkingar gjort på store flytebryggjeanlegg viser at undersida av flytelementa er mindre utsett for lekkasjar på grunn av tilgroing og fordi undersida er mindre utsett for slag frå bølgjer o.l. Det kan komme ytterlegare krav og innskjerping også på dette området, dersom det viser seg å vere ei større kjelde ein anteken.