Forventar at norsk næringsliv følgjer sanksjonane

Utanriksdepartementet har i dag publisert ei påminning om kva russiske fartøy har lov til og ikkje ved hamneanlaup. Alle tenester til russiske fartøy ved hamneanlaup er i utgangspunktet forbode. – Me har klare forventningar til at norsk næringsliv følgjer sanksjonane. Det er straffbart å bryte sanksjonane. Både forsettlege og aktlause handlingar vert ramma, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.

Noreg innførte hamneforbod for russiske fartøy med unntak for fiskefartøy 8. mai 2022. Hamneforbodet er eit ledd i dei historisk strenge sanksjonane Noreg har slutta opp om som svar på Russland sitt folkerettsstridige angrep på Ukraina.

I oktober 2022 vart hamnetilgongen for russiske fiskefartøy ytterlegare snevra inn til berre å gjelde for dei tre hamnene Båtsfjord, Tromsø og Kirkenes.

Føremålet med unntaket har heile tida vore omsynet til det berekraftige fiskerisamarbeidet mellom Noreg og Russland.

Unntak frå hamneforbodet inneber ikkje unntak frå sanksjonane elles. Dette er eit bodskap Utanriksdepartementet har rettleia om over lengre tid.

– Sanksjonane mot Russland påverkar norsk næringsliv innan mange sektorar, vere seg verftsindustri, olje- og gass, fiskeri med meir. Sektortiltaka er meint å ramme breitt. Føremålet med desse er å redusera russisk høve til å finansiere krigføring i Ukraina, seier Huitfeldt.

For å understreke dette bodskapet, publiserte Utanriksdepartementet i dag ei påminning om forbodet mot fagleg bistand til russiske fartøy.

– Eg håpar påminninga fører til at fleire aktørar søker Utanriksdepartementet om rettleiing og eventuelle unntak frå sanksjonane der det er grunnlag for det. Handlingsrommet for handel med Russland vert berre snevrare. Det er lett å trå feil. Difor ønskjer me no å gå ut med ei ekstra påminning om kva reglar som gjeld ved hamneanlaup for russiske fartøy, seier Huitfeldt.

Det er mogleg å søke unntak for tenester «beregnet på maritim sikkerhet». Det er generell høg terskel for å innvilga unntak. Ein kan til dømes ikkje få unntak for planmessig vedlikehald.

For å få unntak må ein søke om det i søknadsportalen e-lisens i Utanriksdepartementet. Ein må nytte skjemaet for «generell henvendelse» ved innsending.