Framskunda tilskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar
Pressemelding | Dato: 24.04.2020 | Kulturdepartementet
| Nr: 25/20Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.
Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset.
For å avhjelpe konsekvensane av Korona-krisa har regjeringa i dag fastsett ei mellombels forskrift som gir unntak frå reglane om tildeling av Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.
- Vi har sørgt for ei rask forskriftsendring no, for å betre likviditeten i organisasjonane. Samtidig jobbar vi vidare med tiltak retta mot utfordringane sektoren har i samband med koronasituasjonen, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.
- Den mellombelse forskrifta gjer at dei samfunnsnyttige og humanitære organisasjonane kan få tilskot frå Norsk Tipping utbetalt allereie i mai. Dette er frie middel og ei tidleg tildeling vil bety mykje for organisasjonane i krevjande tider. Dette er eit av tiltaka vi gjer for å bidra til å oppretthalde aktivitet, seier kultur- og likestillingsministeren.
Organisasjonar som mottok tilskot frå ordninga i 2019 vil motta tilskot i 2020 basert på årsrekneskap frå 2018. Organisasjonar som fyller vilkåra i forskrifta men som ikkje fekk midlar i 2019, kan søkje tilskot basert på årsrekneskap for 2018.
Informasjon om ordninga og søknadsfrist finst hos Lotteri- og stiftelsestilsynet.