Historisk arkiv

Framskunda tilskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

For å avhjelpe konsekvensane av Korona-krisa har regjeringa i dag fastsett ei mellombels forskrift som gir unntak frå reglane om tildeling av Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.

- Vi har sørgt for ei rask forskriftsendring no, for å betre likviditeten i organisasjonane. Samtidig jobbar vi vidare med tiltak retta mot utfordringane sektoren har i samband med koronasituasjonen, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

- Den mellombelse forskrifta gjer at dei samfunnsnyttige og humanitære organisasjonane kan få tilskot frå Norsk Tipping utbetalt allereie i mai. Dette er frie middel og ei tidleg tildeling vil bety mykje for organisasjonane i krevjande tider. Dette er eit av tiltaka vi gjer for å bidra til å oppretthalde aktivitet, seier kultur- og likestillingsministeren.

Organisasjonar som mottok tilskot frå ordninga i 2019 vil motta tilskot i 2020 basert på årsrekneskap frå 2018.  Organisasjonar som fyller vilkåra i forskrifta men som ikkje fekk midlar i 2019, kan søkje tilskot basert på årsrekneskap for 2018.

Informasjon om ordninga og søknadsfrist finst hos Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Midlertidig forskrift om unntak fra regler om tildeling av Norsk Tippings overskudd til samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid-19 (.pdf)

Endring i søknadsfrist for tilskot fra Norsk Tippings overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar i 2020 m/ spørsmål og svar