Presseinvitasjon:

Fredag 1. juli: Opning nytt frukt- og grøntpakkeri, Lærdal

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Landbruks- og matminister Sandra Borch opnar Sogn Frukt og Grønt sitt nye frukt- og grøntpakkeri.

Tid: Fredag 1. juli kl 11.00.
Stad: Håbakken, Lærdal.

Dei 140 medlemmane i Sogn Frukt og Grønt har investert 76 millionar kroner i det nye anlegget, som skal handtere frukt og grønt frå sju kommunar i Sogn. Verksemda vil i eit normalår ha ein omsetnad på om lag 130 millionar kroner. Det er venta vekst i åra framover. I tilknytning til det nye anlegget ligg ny Felleskjøpbutikk, og butikk for Sognasmak AS, som med dette samlar lokalmat- og drikke under eitt tak. Her blir det utsal og formidling av lokale råvarer.

I samband med opninga blir det arrangert eit fagseminar, der statsekretær Aleksander Øren Heen i Klima- og miljødepartementet innleiar. Tema på seminaret er mellom anna marknadsmogelegheiter for frukt og grønt, hjorteforvaltning, villrein og rovviltforvaltning.

Kontaktpersonar:

Sogn Frukt og Grønt: Endre Kleiveland. Tlf 414 08 558.
For landbruks-og matministeren: Ståle Norang. Tlf 414 38 011.