Fredag 11. mars tar samferdselsminister Jon-Ivar Nygård imot ny nasjonal tiltaksplan for trafikktryggleik på veg 2022 - 2025

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Samferdselsministeren får fredag overlevert ny nasjonal tiltaksplan for trafikktryggleik på veg 2022-2025.

Statens vegvesen har for sjette gong leia arbeidet med rulleringa av tiltaksplanen, som er utarbeidd av Statens vegvesen, politiet, Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Trygg Trafikk, fylkeskommunane og åtte storbykommunar. I tillegg har over 20 organisasjonar bidratt inn i planen.

Stad: Akersgata 64

Tid: Fredag 11. mars kl. 13.00

Presse er velkomen til å delta. Det vil bli tid til intervju i etterkant av overrekkinga. Ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Frøydis Tornøe på e-post: ft@sd.dep.no eller telefon 970 97 855.

Overrekkinga blir sendt digitalt på regjeringa.no/tiltaksplan