Mercosur er ein økonomisk og politisk handelsblokk i Latin-Amerika. Namnet står for Mercado Común del Sur, som tyder «Den sørlege fellesmarknaden». Avtalen er inngått med Mercosur-landa Brasil, Argentina, Uruguay og Paraguay og inneber at nesten all norsk eksport av industrivarer og sjømat til desse landa blir tollfri. Over halvparten av eksporten blir tollfri frå dag éin, medan tollen på resten blir trappa ned over ein periode på fire til femten år.

– Avtalen skaper nye moglegheiter for norske bedrifter og styrkjer samarbeidet vårt med Latin-Amerika. I ei tid der det internasjonale handelssystemet er under press, blir frihandelsavtalar stadig viktigare. Dei byggjer opp under regelbasert handel, som er bra for små, opne økonomiar som Noreg, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Viktig avtale for fleire sektorar

Avtalen legg òg til rette for auka tenestehandel og for norske investeringar i Mercosur-landa. Avtalen sikrar at norske selskap som investerer i Brasil innanfor sektorar som fornybar energi, vareproduksjon og havbruk, blir behandla på linje med lokale selskap.

Mercosur-landa har lenge vore viktige marknader for norsk skipsfart. Avtalen gir betre marknadstilgang og likebehandling for eit breitt spekter av maritime tenester. Dessutan inneber avtalen at enkelte handelshindringar i Mercosur-landa gradvis blir fjerna.

– Det er positivt at Brasil for første gong forpliktar seg til ein avtale med Noreg som dekkjer maritim transport. Dette vil gi norsk skipsfart betre konkurransevilkår i ein stor og viktig marknad, seier Barth Eide.

Tettare band med Latin-Amerika

Avtalen trer i kraft mellom Noreg, Brasil og Uruguay eit halvt år etter at partnarskapsavtalen mellom EU og Mercosur tredde mellombels i kraft. EFTA-avtalen sikrar norske selskap like gode vilkår i Mercosur-landa som konkurrentane deira i EU.

– Desse to avtalane vil knyte Europa og Latin-Amerika tettare saman. Det er godt nytt for begge regionane, særleg i lys av den geopolitiske situasjonen i dag, seier utanriksministeren.

Markerer at avtalen trer i kraft

I samband med at avtalen trer i kraft mellom Noreg, Brasil og Uruguay, vil utanriksminister Espen Barth Eide møte utanriksministeren i Uruguay, Mario Lubetkin, i Oslo 2. november.

13. november vil Barth Eide delta på ein næringslivskonferanse i regi av NHO og den brasilianske ambassaden i Oslo som markerer at avtalen trer i kraft.

Frihandelsavtalen vil tre i kraft òg for Argentina, Paraguay og Sveits når ratifikasjonsprosessane deira er fullførte.