Frivilligheita får pengar på konto før jul

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Kvar einaste dag er frivilligheita med på å gje folk over heile landet ein betre kvardag med meir fellesskap, tryggleik og omsorg. I disse dagar betaler vi i regjeringa ut full momskompensasjon til lag og foreiningar over heile landet, frå Matsentralen Vestland til Frivilligsentralen i Sarpsborg, Bjørnevatn idrettslag, Dissimilis og fleire tusen andre. Med full momskompensasjon kan frivilligheita bruke meir tid på aktivitet og mindre tid på administrasjon og rapportering – og så får dei jo meir pengar å rutte med, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

I fjor fekk lag og foreiningar i Noreg full momskompensasjon for første gong. Utbetalinga i år blir rekordhøg med ei auke på over 200 millionar kroner frå 2021. Midla vil bli betalt ut før jul, og bidra til eit løft for meir enn 22.000 organisasjonar. Fleirtalet av desse er små lag og foreiningar. Midla er frie og det er inga rapportering på desse.

– Kva ville samfunnet vårt vært utan frivilligheita og alle som kvar dag stiller opp og bidreg i små og store fellesskap? Berre tenk på dei frivillige som i desse dagar står på for fullt for å hjelpe dei som har det ekstra vanskeleg no i førjulstida! Full momskompensasjon er eit tiltak frivilligheita har ønskja seg lenge, og vi i regjeringa har lytta. Kvardagen blir enklare for organisasjonane når dei slepp rapportering, og samtidig får dei jo litt meir å rutte med. Vi veit det kjem veldig godt med, seier Trettebergstuen.

Idrettslag- og foreiningar er samla sett den største mottakaren i ordninga med 730 millionar kroner, deretter kjem kultur- og kunstforeiningar med 174 millionar kroner.

Oversyn over tildelingar og nøkkeltal på Lotteritilsynets nettsider: