Revidert nasjonalbudsjett:

Full momskompensasjon for bygging av idrettsanlegg

- For fjerde år på rad sørgjer regjeringa for full kompensasjon. Eg er glad for at vi også i år har fått til denne viktige satsinga. Anlegg er det viktigaste verkemiddelet for at fleire kan drive idrett og fysisk aktivitet, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett for 2017 ei tilleggsløyving på
10 millionar kroner til kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av  idrettsanlegg.  Dette vil gi ei samla løyving på 185,9 millionar kroner til denne ordninga i 2017. Dette er ei auke på 122 millionar kroner frå 2013, då løyvinga var 63,9 millionar kroner.

- Kompensasjonsordninga varetek eit stort behov. Idrettslag og foreiningar bidrar i stor grad sjølve til bygging av anlegg. Det er viktig for regjeringa å skape gode rammevilkår for lag og foreiningar som tar på seg anleggsinvesteringar på idrettsområdet, seier Hofstad Helleland.

I budsjettet for 2017 er det løyvd 175,9 millionar kroner til kompensasjonsordninga. Lotteri- og stiftelsestilsynet har fått over 500 søknader. Den totale søknadssummen er om lag 199 millionar kroner. Endeleg godkjent søknadsbeløp vert klart før sommarferien, etter at saksbehandlinga er ferdig. Den førebelse behandlinga viser at ei tilleggsløyving på 10 millionar kroner vil bidra til full kompensasjon av alle godkjente søknadar i 2017.