Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2/2025
Nyheit | Dato: 15.10.2025 | Landbruks- og matdepartementet
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt, med fylgjande tema: Landbrukskontora har testa kriseberedskapen, kartlegging av tre innovative trebygg, store lauvskogressursar i fylket, mykje hogst i tilknyting til ny skogsbilveg, arbeid med nytt gjødselregelverk og nettverkssamling for UKL og verdsarvområdet.
- Øving "Brutus": Landbrukskontora i Møre og Romsdal testa kriseberedskapen
- Kartlegging av tre innovative trebygg i Møre og Romsdal
- Store lauvskogar som er lite nytta
- Mykje hogst til ny skogsbilveg
- Interesse og usikkerheit rundt nytt gjødselregelverk
- Nettverkssamling for UKL og verdsarv i Møre og ROmsdal: Hasselnøtter, tønneband og pila alm
Øving «Brutus»: Landbrukskontora i Møre og Romsdal testa kriseberedskapen
I september gjennomførte landbrukskontora i Møre og Romsdal kriseøvinga «Brutus», i regi av Statsforvaltaren. Målet var å styrke kompetansen i krisehandtering, og gi betre innsikt i rolla landbrukskontora har under kriser.
Scenario: Varsel om ekstremvêr
Øvinga tok utgangspunkt i eit varsla ekstremvêr, liknande stormen «Dagmar», som skulle treffe Møre og Romsdal. Oppstartsmeldinga sa at kriseleiinga i kommunane hadde fått varsel laurdag ettermiddag frå Statsforvaltaren, og gjennom helga hadde dei fått fleire oppdateringar. Meteorologisk institutt melde om fare for store øydeleggingar og oppmoda til førebyggande tiltak.
Diskusjonsøving med realistiske utfordringar
Øvinga vart gjennomført som ei diskusjonsøving, der deltakarane arbeidde frå eigne lokale. Etter eit innleiande Teams-møte fekk dei tilsendt scenario og diskusjonspunkt. Spelstaben, lokalisert på Fylkeshuset i Molde, sendte ut spelmeldingar undervegs som utfordra deltakarane til å tenkje gjennom ulike krisesituasjonar:
- Straumbortfall i heile kommunen
- Øydelagde fjøs og akutt behov for hjelp
- Langvarig straumbortfall med behov for oversikt over aggregat og diesellager
- Bortfall av telekommunikasjon og internett
Erfaringar frå øvinga
Dei umiddelbare erfaringane frå øvinga viser at landbrukskontora ikkje nødvendigvis har ei sentral rolle under sjølve hendinga, men kan vere eit viktig kontaktpunkt og bindeledd mellom bønder og andre ressursar.
Øvinga viste også at landbrukskontora kan styrke beredskapen ved å førebu seg betre i forkant. Dette kan gjerast ved å etablere rutinar og lage oversikter over nyttige ressursar som diesellager, aggregat, utstyr og maskiner. I etterkant av ei krise vil landbrukskontora kunne bidra med synfaring og rettleiing i samband med erstatningssøknader.
Landbruket kan også vere nyttige for kommunane og samfunnet elles ved å stille med sine ressursar, som utstyr, maskiner, tilgang på nevenyttige arbeidsfolk og problemløysingskompetanse.
Eit viktig steg mot betre beredskap
Øvinga «Brutus» har gitt nyttig innsikt i korleis landbrukskontora kan bidra under kriser, og kor viktig det er med klare rutinar, god kommunikasjon og samarbeid med andre aktørar. Uveret «Amy» trefte Noreg knappe to veker etter øvinga, og understrekte ytterlegare viktigheita av å vere forberedt – også innan landbruket. Fleire kommunar vil i tida framover gå i gang med planlegging og førebuing i samarbeid med Statsforvaltaren.
Etter denne øvinga er landbrukskontora betre rusta til å møte framtidige utfordringar – både i møte med ekstremvêr og andre krisesituasjonar.
Kontakt:
Marianne Aas Halse, tlf. 71 25 84 22, marianne.halse@statsforvalteren.no
Kartlegging av tre innovative trebygg i Møre og Romsdal – erfaringar og læring
Tredrivaren i Møre og Romsdal har vore eit samarbeid mellom Statsforvaltaren, Innovasjon Noreg og Møre og Romsdal fylkeskommune, med støtte frå fleire fagmiljø. Prosjektet inngår i ei nasjonal satsing for å styrke verdikjeda for tre og tømmer, med særleg fokus på bruk av tre i offentlege bygg – spesielt massivtre.
Mål for Tredrivarprosjektet
Prosjektet har hatt som mål å:
- Fremje større trekonstruksjonar
- Auke bruken av tre i offentleg sektor
- Bygge opp ein norsk marknad for massivtre
- Bruke offentlege innkjøp som verktøy for klimavennlege bygg
- Støtte trebasert næringsliv
Gjennom mobilisering, kompetansedeling og faglege møteplassar har prosjektet vist korleis innovasjon og samarbeid kan gi konkrete resultat. Erfaringane viser at tre kan bidra til å redusere klimagassutslepp, gi betre inneklima og kortare byggetid.
Tre bygg – tre læringsarenaer
I prosjektet er tre bygg kartlagt: Idrettens Hus i Molde, Sæbø skule og barnehage i Ørsta og Norsk Fjordsenter i Geiranger.
Desse bygga vart valde for å gi innsikt i haldbarheit, klimatilpassing og karbonlagring i offentlege trebygg.
Norsk Fjordsenter har vist god haldbarheit over tid. God planlegging og detaljar i fasaden er avgjerande for å tole vestlandsk klima.
Sæbø skule og barnehage viser at trekonstruksjonar kan dimensjonerast for krevjande forhold, som risiko for skredvind.
Idrettens Hus viser korleis tre kan nyttast som karbonlager og byggjast på ein klimavennleg måte.
Alle bygga har god funksjonalitet og inneklima.
Erfaringar frå bygging med massivtre
Bygga viser at massivtre kan brukast på mange måtar og med ulike arkitektoniske uttrykk. Samtidig peikar erfaringane på utfordringar som må løysast for å utnytte materialet fullt ut. Fordelar med massivtre som konstruksjon er mellom anna:
- Betydelige klima- og miljøgevinstar
- Kortare byggetid og høg ferdigstillelsesgrad
- Lågare klimagassutslepp enn stål og betong
- Spennvidde, deformasjonar og krav til brann- og lydisolasjon må vurderast nøye
Å byggje med massivtre krev ei anna tilnærming enn tradisjonell bygging. Kartlegginga har avdekt viktige læringspunkt knytt til:
- Spennlengder for dekker
- Lydgjennomgang i dekker og veggar
- Perforeringar i konstruksjonen
- Integrering av tekniske installasjonar
Offentlege innkjøp som verktøy
Kartlegginga viser korleis offentlege innkjøp kan vere eit kraftfullt verktøy for å fremje klimavennlege løysingar og bidra til å nå FN sine berekraftsmål.
Tredrivaren si rolle og vegen vidare
Tredrivaren har vist korleis offentleg mobilisering og samarbeid gir varige resultat. Nettverk og kunnskapsmiljø er bygd opp, og sentrale aktørar er identifiserte som viktige samarbeidspartnarar for framtida.
Erfaringane frå kartlegginga gir grunnlag for meir effektiv og kvalitetsmessig bruk av massivtre. Det er framleis behov for kompetanseheving i heile verdikjeda – frå innkjøparar til leverandørar. Kartlegginga gir også innsikt i risikovurdering og prosjektgjennomføring som kan kome nye prosjekt til gode.
Kartlegginga er utarbeidd av Arkitektkontoret Helen & Hard, og funna vart presenterte på eit webinar 25. september med 47 påmelde deltakarar.
Kontakt:
Christina Qvam Heggertveit, tlf 71 25 85 72, christina.heggertveit@statsforvalteren.no
Store lauvskogressursar som er lite nytta
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fått utarbeidd ei oversikt over lauvskogressursane i fylket. Kartlegginga viser at det står over 16 millionar kubikk med lauvskog i skogane våre. Av dette står 24 prosent i køyrbart terreng.
For å finne lauvskogen som er mest aktuell for rasjonell og økonomisk drift, er det berre sett på område med over 8 kubikk virke per dekar. Då vert marginale og sårbare areal utelatne, som til dømes skog opp mot fjella. Det er også vurdert kor bratt terrenget er, for å sjå om skogen er tilgjengeleg med maskiner. Verna areal er ikkje tatt med.
Undersøkinga er basert på eit heildekkjande skogressurskart (SR16) og nasjonal høgdemodell (NHD). Resultata er leverte som kart og summert i tabellar. Det er planavdelinga hos Allskog som har gjennomført undersøkinga.
Ein unytta ressurs
Fornybare ressursar som lauvskog har fått aukande merksemd med tanke på å erstatte fossil energi. Høgare energiprisar bidreg også til dette. Likevel har nedgang i vedforbruk dei siste 20 åra og gjengroing ført til at volumet av lauvskog er aukande.
I dag vert svært lite lauvskog nytta kommersielt. Noko vert nytta til ved og i flisfyringsanlegg, men dette er marginalt i forhold til reell ressurstilgang.
Store volum
Totalt finst det 16,2 millionar kubikkmeter lauvskog i fylket.
Dei største skogkommunane har naturleg nok også mest lauvskog. Rauma kommune har mest, med nesten 1,9 millionar kubikk. Surnadal og Molde følgjer som nummer to og tre. Smøla og Giske har klart minst.
Står lauvskogen berre i bratt terreng?
For å finne ut kva lauvskog som er mest driftsmessig interessant, er lauvskogareala delt inn etter helling. Terreng med 0-15 grader helling vert rekna som køyrbart.
Over 24 prosent av lauvskogen i fylket står i køyrbart terreng – tilsvarande 283 kvadratkilometer. Dette varierer mykje mellom kommunane. I Fjord, Volda og Stranda står berre 10–13 prosent i slikt terreng, medan Hustadvika, Averøy og Ålesund har mellom 38–44 prosent.
Volumet av lauvskog i køyrbart terreng i fylket er over 3,6 millionar kubikk.
Stort potensiale
Undersøkinga viser at sjølv om fylket har mykje bratt terreng, står nesten ein fjerdedel av lauvskogen i område som kan drivast med maskiner. Denne skogen vert i liten grad nytta og forvalta i dag. Lauvskogen er derfor ein fornybar ressurs med stort potensiale for auka bruk.
Kartfestinga i undersøkinga gjer det mogleg å gå vidare med meir detaljerte analysar. Står lauvskogen langt frå bilveg? Kvar finst dei største samanhengande lauvskogområda? Kjem eventuell drift i konflikt med registrerte naturverdiar?
I det grøne skiftet må fossil energi erstattast med energi frå fornybare ressursar. Det gjer lauvskogen til ein aktuell og viktig ressurs for framtida.
Kontakt:
Odd Løset, tlf 71 25 84 08, odd.loset@statsforvalteren.no
Mykje hogst knytt til ny skogsbilveg
Gode tømmerprisar, hogstmoden skog og ny skogsbilveg har ført til mykje hogst det siste året mellom Lønset og Hjelset i Molde.
Ny E39 frå Lønset til Hjelset i Molde ga behov for ny skogsbilveg i området som sikra skogeigarane tilkomst til eigen skog. To skogsbilvegar på om lag åtte kilometer blei ferdig i 2024. Vegane vart finansiert av staten i samband med ny E39, som skjærer av teigane nedst i lia.
Store volum
Tre tømmeraktørar har vore inne og avverka skog. Til no er det levert over 27 000 m3 med tømmer knytt til denne vegen. Over 94 prosent av tømmeret er gran av god kvalitet. 75 prosent er omsett som sagtømmer. Bruttoverdien på tømmeret er i overkant av 24 millionar kroner. Det gir ein gjennomsnittspris per kubikk på 883 kroner.
Skogen i området blei planta på 50-talet og framover, som del av skogreisinga. Dette var ei nasjonal satsing for å byggje ressursar langs kysten og i Nord-Noreg. Hogstane no er døme på at denne satsinga var vellukka.
Hogsten ved vegen held fram vidare utover hausten.
Landets høgaste prisar
Møre og Romsdal hadde for juli og august landets høgaste oppnådde tømmerprisar på innmålt virke. For juli 945 kr/m3 og for august heilt oppe i 970 kr/m3 for alt innmålt tømmer. Høg andel sagtømmer etter hogst av gran er nok grunn til denne særs høge snittprisen.
Skogsvegar er viktige
Skogsvegar er avgjerande for å få ut skogressursane. Det gir kostnadseffektiv drift og mindre terrengskader. Vidare gir vegen lettare tilgang til meir aktiv forvaltning og høve til skjøtsel av skogen. Vegar har også ein funksjon i høve beredskap ved brann eller ulykker.
Skogsbilvegen mellom Lønset og Hjelset er i tillegg mykje nytta av syklistar og turgåarar, med benkar på utsiktspunkt. I tillegg er dei to vegprosjekta kobla saman til eit strekke med bru for gåande og syklande over Mjelveelva.
Kontakt:
Åsmund Asper, tlf 71 25 84 07, asmund.asper@statsforvalteren.no
Interesse og usikkerheit rundt nytt gjødselregelverk
Mange er svært opptekne av det nye gjødselregelverket, som vil påverke så godt som alle gardsbruk. Statsforvaltaren har hatt to gjennomgangar av regelverket med kommunane. I tillegg har vi ei samla oversikt over dei nye reglane med overgangsbestemmelsar på heimesida vår.
Ny gjødselbrukforskrift vart vedteken i februar i år. Nokre overgangsbestemmelsar gjer at ikkje alle endringar kjem med ein gong. Det er både interesse og usikkerheit knytt til korleis det vil slå ut for den enkelte.
Gjennomgang med kommunane i fylket
Både kommunale landbrukskontor og Norsk Landbruksrådgjeving (NLR) er sentrale aktørar i korleis gjødselregelverket blir forvalta og praktisert. Hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har vi hatt to gjennomgangar av det nye regelverket overfor kommunane, der også NLR har deltatt. Den første på Teams, den andre på fysisk samling.
Vår erfaring er at det har vore veldig nyttig at NLR har vore med. Dei har ei anna rolle og ser andre utfordringar, m.a. med utgangspunkt i sitt arbeid med gjødslingsplanlegging. Det har gitt nyttige perspektiv til forvaltninga.
Ulike utfordringar med regelverket
Utfordringane med det nye gjødselregelverket er veldig forskjellige, både mellom landsdelar og mellom enkeltbruk. I vårt område blir truleg lagringskapasitet for husdyrgjødsel den største utfordringa. Det er veldig mange som har lagt vekt på å tømme så mykje som mogleg så seint som mogleg for å ha nok plass fram til våren. Tidspunktet for siste spreiing vil bli mykje tidlegare enn før, når det blir slutt på overgangsbestemmelsane.
Siste frist for spreiing av husdyrgjødsel i Møre og Romsdal er 15. september. Det er ikkje veldig forskjellig frå tidlegare fristar, men frå 2027 er det krav om at bøndene enten haustar eller etablerer ny plantevekst etter siste spreiing.
Kontakt:
Per Eldar Nakken, tlf. 71 25 81 51, per.nakken@statsforvalteren.no
Nettverkssamling for UKL og verdsarv i Møre og Romsdal i Eikesdalen: Hasselnøtter, tønneband og pila alm
I september blei det arrangert to-dagars nettverkssamling i Eikesdalen for dei utvalde kulturlandskapa (UKL) og verdsarvområdet i Møre og Romsdal.
35 deltakarar frå kommunar, forvaltning og lokalsamfunn møttest for å styrke samarbeid og dele kunnskap om forvaltning av verdifulle kulturlandskap.
Samling for kulturlandskap og verdsarv
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal stod bak arrangementet, i samarbeid med arbeidsutvalet for UKL i Eikesdal og Molde kommune.
Seniorrådgjevar Marianne Aas Halse hos Statsforvaltaren leia samlinga, og understrekar betydninga av slike møteplassar:
– Nettverkssamlinga var svært nyttig. Den gav deltakarane høve til å utveksle erfaringar og få inspirasjon til vidare arbeid med kulturlandskap og verdsarv, seier ho.
UKL- og verdsarvområda i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal har fire UKL-område og eit verdsarvområde der jordbruket er viktig for å ivareta verdiane: Alnes i Giske kommune, Hjørundfjorden og Norangsdalen i Ørsta kommune, og Fjellgardane i Øvre Sunndal og Eikesdalen i Molde kommune. I tillegg har fylket verdsarvområdet for vestlandsk fjordlandskap i Geiranger.
Fagleg påfyll og lokal kulturformidling
Programmet inkluderte faglege innlegg, lokal formidling og musikalske innslag. Arrangementet var lagt til Vertshuset Eikesdal, som baud på fantastisk mat og oppvarting.
Samlinga opna med musikalsk innslag av Guro Hoem og Andre Gussiås frå Spelet om Mardøla, eit lokalt historisk spel bygd om hendingane rundt Mardøla-aksjonen og kampen om Mardalsfossen i 1970.
Landskapsfotograf Oskar Puschmann heldt foredrag om refotografering av bilete frå ulike epokar, som synleggjer endringar og kontinuitet i norsk kulturlandskap. Han viste heilt nye refotograferingar frå Eikesdalen – til stor glede for deltakarane.
Hasselskog, nøtter og tradisjonar i Eikesdalen
Eldsjela Marit Wadsten frå Eikesdal fortalte om arbeidet lokalt med å ta opp att tradisjonen med stell av hasselskog og plukking av nøtter for sal. Før jul sel dei no tusenvis av kilo med hasselnøtter via Rekoringen og Bondens marknad. Neste steg er innkjøp av ei knekkemaskin, for å kunne selje nøtter utan skal.
Wadsten delte også ei humoristisk historie om ei av bestillingane:
– Vi har ikkje høyrd meir frå bakeriet som kjøpte 50 kg hasselnøtter frå oss. Skal tru kva dei tenkte då dei opna sekken og såg at nøttene hadde skal på, fortalde ho med eit smil.
Dei har fått kartlagt biologisk mangfald og laga nye skjøtselsplanar for stell av hasselskog og piling av alm. Almen blei tidlegare nytta som fôr til dyra, og det er ein tradisjon dei vil forsøke å vidareføre i Eikesdalen.
Flatbrød av alm – ei historisk oppdaging
Lokal forfattar og tidlegare konservator ved Romsdalsmuseet, Bjørn Austigard, delte innsikt i tradisjonell skjøtsel av skog og landskap. Tønneband av hassel var ei stor attåtnæring i Eikesdal fram til andre verdskrig. Austigard laga på slutten av 70-talet fleire videoar av tønnebandlaging og piling av alm, for å ta vare på kunnskapen. Framsyninga vakte stor entusiasme, og andre interesserte kan finne videoane på YouTube.
Landbruksdirektoratet sin utsending, Kari Stuberg, klarte å vekke entusiasmen i Bjørn Austigard. Ho viste eit bilde frå samlinga i Naturhistorisk museum av flatbrød av alm frå Eikesdalen. Barkebrødet blei sendt inn i 1935, og er enno bevart i museet si samling. Austigard hadde aldri sett bilde av flatbrødet, berre høyrt historier om det.
– Dette var nærast uverkeleg – beint ut manna for sjela! I 53 år har dette emnet vore i tankane mine! Breva frå Rolf Nordhagen har eg bevart enno, kommenterte ein entusiastisk Austigard.
Erfaringsutveksling og synfaring på Botnasetra
Den andre dagen starta med erfaringsutveksling og diskusjon rundt kva verdiar ein skal prioritere å ta vare på i dei ulike områda. Dagen blei avslutta med synfaring på Botnasetra, der firmaet Lervike nyleg har ferdigstilt istandsetting av seterbua til Jon Sæter.
UKL-status er ei nasjonal anerkjenning
UKL-statusen er ei nasjonal anerkjenning av landskap med særleg verdi, og vart etablert etter initiativ frå tidlegare landbruksminister Lars Sponheim. I dag finst det 51 UKL-område i Noreg. Drifta skjer gjennom eit spleiselag mellom miljø-, kulturminne- og landbrukssektoren, medan kommunane forvaltar dei økonomiske midlane. Aktiviteten vert driven av bygdefolket sjølve.
– UKL handlar ikkje om vern, men om å ta vare på landskap gjennom aktiv bruk og lokal innsats. Det er ei levande ordning, der engasjementet frå lokalsamfunnet er avgjerande, seier Marianne Aas Halse.
Samlinga i Eikesdalen viste korleis samarbeid på tvers av fagmiljø og lokalsamfunn kan bidra til å styrke forvaltninga av kulturlandskap og verdsarv – til beste for både landbruk, natur, kultur og framtidige generasjonar.
Kontakt:
Marianne Aas Halse, tlf. 71 25 84 22, marianne.halse@statsforvalteren.no