Gir tilskot til sikringstiltak ved Byneset
Pressemelding | Dato: 02.09.2025 | Energidepartementet
Energidepartementet har i dag vedtatt at det vil bli gitt tilskot til sikringstiltak ved Byneset i Trondheimsfjorden, der skipet NCL Salten grunnstøytte i mai. Departementet har lagt vekt på den ekstraordinære og krevjande situasjonen for dei som er evakuert.
Klagesaka om Trondheim kommunes søknad om tilskot er no avgjort etter at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) først avslo søknaden om tilskot til sikringstiltak av to bustader. Energidepartementet støttar NVE i at tilskotsordninga vanlegvis ikkje bør brukast i saker der ein tredjepart har eit tydeleg ansvar. Departementet meiner likevel dette er ein heilt spesiell situasjon og at det derfor er grunnlag for å gi tilskot.
– Dei evakuerte bebuarane har stått i ein svært krevjande situasjon etter at grunnstøytinga førte til eit skred. Reiarlaget bør etter mi mening ikkje utan vidare gå fri frå ansvaret, men med dette tilskotet vil staten bidra til at sikringstiltaka kan kome raskt i gang, seier energiminister Terje Aasland.
På nedsida av dei evakuerte husa ligg det kommunal infrastruktur der kommunen er eigar og ansvarleg for sikring. Departementet legg til grunn at også kommunen må bidra til gjennomføringa av sikringstiltak og har vedteke å gi tilskot på 50 prosent av sikringskostnadene, opp til 3,65 millionar kroner. Departementet har stilt som vilkår for tilskotet at kommunen vurderer og forfølgjer eit erstatningskrav mot den ansvarlege for grunnstøytinga.
– Eg meiner alt no ligg til rette for at nødvendige sikringstiltak kan gjennomførast, og at dei evakuerte bebuarane kan flytte tilbake så raskt som mogleg, seier Aasland.