Årets julekort blir frå Sortland kommune

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Årets julekort frå statsministeren og Statsministerens kontor får eit bilete frå Kleiva i Sortland kommune på forsida. Biletet vart plukka ut i ei fotokonkurranse der hobbyfotografar kunne sende inn motiv frå Nordland fylke.

Vinterbilde med fjell, sjø og snø frå Sortland kommune.
Dette biletet frå Sortland kommune skal pryde årets julekort frå statsministeren og Statsministerens kontor. Foto: Merethe Susanne Nydal

Det var Merethe Susanne Nydal sitt bilete som til slutt vart plukka ut som vinnar. Vinnaren vart kåra etter innspel frå ein fotograf, representantar frå Statsministerens kontor og statsministeren sjølv.

– No vart eg overraska. Dette syns eg er kjempeartig. Eg hadde ikkje trudd at mitt bilde skulle pryde statsministerens julekort, seier Merethe Susanne Nydal.

Ho tok bildet med mobil vinteren 2020 i nærheita av der ho bur i Sortland kommune. Ho er hobbyfotograf og samlar bileta sine på sin Instagramprofil.

Statsminister Jonas Gahr Støre skal snart til på jobben med å skrive hundrevis av julekort til personar i innland og utland.

– Eg gler meg til å sende julekortet med dette fine biletet til mine venner både i Noreg og i andre land. Det er inga hemmelegheit at eg er glad i Nord-Noreg, så eg er glad for at dette biletet skal pryde dei første julekorta eg skriv som statsminister, seier Jonas Gahr Støre.

Motiva på julekorta frå statsministeren og Statsministerens kontor blir kvart år valt ut på bakgrunn av ei fotokonkurranse for hobbyfotografar. Dei siste åra har motivet på julekortet vore frå Akershus, Oslo, Nord-Trøndelag, Vest-Agder, Hordaland og Vestland.