Harald Vaagaasar Nikolaisen ny direktør i Statsbygg

Harald Vaagaasar Nikolaisen vart i statsråd i dag utnemnd til direktør i Statsbygg. Han tar over stillinga etter Øivind Christoffersen, som sluttar etter sin andre åremålsperiode, 30. juni.

Harald Vaagaasar Nikolaisen vart i statsråd i dag utnemnd til direktør i Statsbygg. Han tar over stillinga etter Øivind Christoffersen, som sluttar etter sin andre åremålsperiode, 30. juni.

Harald Vaagaasar Nikolaisen er i dag utbyggingsdirektør i Jernbaneverket (JBV), der han har hatt leiande roller over mange år. Han har og erfaring frå Statoil og Norsk Hydro.

Statsbygg er ei forvaltningsbedrift som er den sentrale byggherren og den største eigedomsaktøren i statleg sivil sektor. Statsbygg har 830 tilsette, hovudkontor i Oslo og fem regionkontor.  Direktøren i Statsbygg blir tilsett på åremål for ein periode på seks år. Åremålet kan fornyast ein gong.